Informasjonskrigføring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Informasjonskrigføring er eit konsept der stridsideen er styring av massemedia og sambandsteknologi for å nytta seg av overlegne føremuner på dette feltet. Elementa i denne forma for krigføring inkluderer alle disiplinar innan etterretning, spreiing av propaganda, demoralisering av potensielle fiendar, psykologisk manipulering og forsøk på å dra motparten sine intensjonar i tvil. Det er her ein nær samanheng med psykologisk krigføring. [1]

Informasjonskrigføring kan til dømes bruke desse elementa:

  • TV, internett og radio kan jammast.
  • TV, internett og radio kan verta overtekne og brukte som kanalar for desinformasjon og propaganda.
  • Logistikksamband kan verta sette ut av spel.
  • Aksjebørsen til potensielle fiendar kan manipulerast.
  • Droner (UAV) og nettkamera kan verta overtekne eller sette ut av spel.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kiyuna, A.; Conyers, L. (14 April 2015), CYBERWARFARE SOURCEBOOK, Lulu.com, ISBN 9781329063945 – via Google Books