Informationsbyrån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Informationsbyrån (IB) var ein svensk etterretningsorganisasjon i det svenske forsvaret som mellom anna hadde til føremål å samla inn informasjon om kommunistar og andre folk på den svenske venstresida. IB vart avslørt i 1973 av bladet Folket i Bild. Denne avsløringa vert kalla IB-affären. I 2002 vart det publisert ein omfattande rapport om verksemda til IB, med overskrifta «Rikets säkerhet och den personliga integriteten».

IB vert oppretta[endre | endre wikiteksten]

Den svenske forsvarsstaben vart oppretta i 1936 med ei avdeling som vart kalla C-byrån. Denne avdelinga bytte i 1947 namn til T-kontoret, og fekk i oppdrag å samla inn opplysningar av interesse for trygginga av Sverige.

På 1950-talet vart det svenske forsvaret meir interesserte i å identifisera personar som kunne vera sikkerheitsrisikoar. USA stilte mellom anna som krav om at eksportert amerikansk våpenteknologi ikkje skulle koma i hendene på folk som kunne tenkjast å gje det vidare til Sovjetunionen. I forsvaret var ikkje folk nøgde med korleis det svenske tryggingspolitiet SÄPO handterte dette kravet. Ein meinte at ein trong ein organisasjon med oppgåve berre å kartleggja folk som var sympatiske med Sovjetunionen, og ikkje ha mange andre oppgåver som etterforsking og tryggingsarbeid slik SÄPO hadde.

Sosialdemokratane (SAP) hadde ein stor organisasjon og hadde eit lokalt apparat på mange arbeidsplassar. Sosialdemokratane kjempa mot Sveriges kommunistiske parti (SKP) om makta over fagrørsla, og var difor interesserte i informasjon om kven som var kommunistar og venstreradikale.

Ein gong i byringa av 1950-åra vart det difor inngått ein avtale mellom Forsvarsstaben, representantar for sosialdemokratane, den dåverande forsvarsministeren Torsten Nilsson og den tidlegare partisekretæren i SAP, Sven Andersson, om at Forsvarsstaben skulle få nytta lokalorganisasjonen til sosialdemokratane til innsamling av informasjon.

I Forsvarsstaben vart det då oppretta eit særskilt byrå for denne saka, som var kalla Informationsbyrån. Byrået hadde Birger Elmér som sjef. Etter IB-affären i 1973 heldt verksemda fram til 1978 men i noko mindre omfang.

IB vert avslørt[endre | endre wikiteksten]

I bladet Folket i Bild/Kulturfront 3. mai 1973 avslørte journalistane Jan Guillou og Peter Bratt IB. I bladet kunne dei avsløra at:

  • det fanst ein ukjent etterretningsorganisasjon i Sverige.
  • at ikkje den svenske Riksdagen var informert om organisasjonen.
  • at organisasjonen registrerte venstreradikale.
  • at organisasjonen hadde spionar utanlands.
  • at organisasjonen hadde gjort innbrot på den Egyptiske ambassaden i Stockholm.
  • at organisasjonen samarbeidde med den israelske tryggingstenesta Shin Beth og CIA.

Den svenske forsvarsministeren Sven Andersson nekta for at Sverige hadde spionar i utlandet, at IB gjorde innbrot eller dreiv registrering av venstreradikale.

Etter publiseringa av informasjonen vart journalistane som laga saka og fotografen deira sikta for spionasje og seinare dømd til tre års fengsel.

Säkerhetstjänstkommissionen 1999-2002[endre | endre wikiteksten]

I 1999 sette Justisdepartementet ned den såkalla Säkerhetstjänstkommissionen, som i tre år greidde ut og undersøkte påstandar om misbruk av dei hemmelege tenestene. I 2002 vart rapportane, åtte i talet og med eit samla sidetal på 3000 sider, publiserte.