Inga Ravna Eira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inga Ravna Eira
Inga Ravna Eira.jpg
Fødd 30. mai 1948Rediger på Wikidata
Karasjok
Yrke forfattar, lyrikar
Inga Ravna Eira på Commons

Inga Ravna Eira (fødd 30. mai 1948) er ein norsk samisk forfattar, omsetjar, lærar og forlagskonsulent. Ho skriv på nordsamisk.

Eira har skrive lyrikk, noveller og barnebøker. Ho har også arbeidd med performance-førestillingar i lag med andre kunstnarar. Dette har mellom anna ført fram til forteljinga Gilši – Skilful, som kom ut på CD i 2012, om kvinnene sin situasjon i reindrift.

Under kulturuka i Karasjok fekk Eira «årets kulturpris» i 2006.[1] Ho er med i Samisk forfatterforening, som ho også har leia,[2] og har særleg vore engasjert i arbeidet for samisk språk og for det samiske i skulen.

Diktsamlinga hennar Ii dát leat dat eana («Dette er ikke den jorda», 2018) har form av ein monolog der morgudinna Uksáhkká taler til menneske i notida om naturvern. Boka blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Guovdageainno mánát mainnastit, redaktør, barnebok (1979)
  • Savdnjiluvvon nagir, antologi med lyrikk av tre samiske forfattarar, illustrert av Aage Gaup (1989)[4]
  • Mellet, barnebok (1992) illustrert av Iver Jåks[5]; omsett til norsk av Inger Seierstad[6]
  • Sámi dáiddárleksikona/Samisk kunstnerleksikon (1994). Redaktør: Synnøve Persen. Omsett til samisk av Inga Ravna Eira, illustrert av Johan Turi[7]
  • Lieđážan, lyrikk, Davvi Girji (1997) illustrert av Maj-Lis Skaltje[8]
  • Eadni ganjaldii mu fuolppuid, lyrikk, Davvi Girji (2009)
    • På norsk: Mor gråt over mine skjørt, Davvi Girji (2011)
  • Jidnes skálkošeapmi, lyrikk for barn og ungdom, Davvi Girji (2014)
  • Ii dát leat dat eana, lyrikk, Davvi Girji (2018)
    • På norsk: Dette er ikke den jorda, Davvi Girji (2019)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Årets kulturpris til Inga Ravna Eira», iFinnmark 20. november 2006
  2. Eira, Inga Ravna; Jåks, Iver (illustratør); Seierstad, Inger (omsetjar) (1992). Mellet. Karasjok: Davvi Girji. s. Baksiden. ISBN 8273741672. 
  3. Inga Ravna Eira Nordisk råds litteraturpris
  4. Vars, Elle Márjá; Nilsen, Kaia; Eira, Inga Ravna (1989). Savdnjiluvvon nagir. Kárášjohka: Davvi Media. ISBN 8273740757. 
  5. Eira, Inga Ravna; Jåks, Iver (illustratør) (1992). Mellet (nordsamisk). Kárášjohka: Davvi girji. ISBN 8273741273. 
  6. Eira, Inga Ravna; Jåks, Iver (illustratør); Seierstad, Inger (omsetja) (1992). Mellet. Karasjok: Davvi Girji. ISBN 8273741672. 
  7. Eira, Inga Ravna (omsetjar); Persen, Synnøve (redaktør); Turi, Johan (illustratør) (1994). Sámi dáiddárleksikona/Samisk kunstnerleksikon. Kárášjohka/Karasjok: Sámi dáiddaguovddáš/Samisk kunstnersenter. ISBN 8291484007. 
  8. Eira, Inga Ravna; Skaltje, Maj-Lis (illustratør) (1997). Lieđážan. Kárášjohka: Davvi girji. ISBN 8273743640.