Ingapirca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingapirca-monument frå inkatida.
Foto: Delphine Ménard

Ingapirca (namnet er frå quechua og tyder 'inkamur') er eit område med ruinar av eit kompleks av bygningar frå seint på 1400-talet i Cañarprovinsen i Ecuador.

Ruinane ligg ca ein kilometer frå ein liten landsby med same namn ca 3200 moh. To litt større byar ved den panamerikanske hovudvegen, Cañar og El Tambo, ligg mindre enn 10 kilometer frå ruinane.

Det skal vere inka Huayna Cápac som bygde komplekset like ved hovudvegen mellom Cuzco og Quito. Det ein finn att av ruinar har vore tolka slik at det opphavleg fanst lagerbygningar, bad, eit tambo — gjestehus, forlegning og eit soltempel etter førebilete av Coricancha. Det sistnemnte bygget er det som først fangar merksemd på staden i dag, ein ovalforma mur.

Det meste av bygningane vart øydelagt under kolonitida og ruinane som er på staden i dag er prega av rekonstruksjon. Ruinane er no verna.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]