Ingar Kiplesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingar Kiplesund

Ingar Kiplesund.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1996 (26 år)
Idrett friidrett

Ingar Kiplesund (fødd 17. november 1996) er ein norsk friidrettsutøvar frå Trondheim som tevlar i lengde- og tresteghopp. Han er sidan 2019 norsk rekordhaldar i lengdehopp med 8,10 meter. Kiplesund er medlem i Trondheim Friidrett.

Kiplesund sette ny norsk rekord med 8,10 meter då han 17. august 2019 vart andremann i ei lengdetevling i Sierra Nevada i Spania. Med dette hoppet sletta han den 46 år gamle norgesrekorden til Kristen Fløgstad på 8,02 m, den elste noregsrekorden i friidrett. Sitt personbeste tresteghopp presterte Kiplesund då han med 15,41 meter fekk sølv i øvinga under NM 2019.

Kiplesund vart noregsmeister i lengdehopp i 2016 og 2019, i 2018 sikra han seg NM-gullet i trestegtevlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.