Inge I av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dronning Ingerid og Gregorius egger kong Inge, teikning av Erik Werenskiold.
Slaget ved Minne, teikning av Wilhelm Wetlesen.

Inge I Krokrygg var konge av Noreg frå 1136 til 1161. Han vart fødd i 1135 som son av kong Harald IV Gille og Ingerid Ragnvaldsdotter. Inge vart vald til konge på Borgartinget i 1136. Samstundes vart broren Sigurd II Haraldsson Munn teken til kongen på Øyratinget.

Tilnamnet Krokrygg fekk Inge fordi han var vanfør. Ifølge Snorre vart han skada i slaget ved Minne som 2-åring, då lendmannen Tjostolv Ålesson skal ha bore han i ein sekk på ryggen under slaget. Sekken vart truffe av ei pil, og skada barnekongen for livet.[1] Den danske historikaren Saxo Grammaticus har ein anna versjon; at det var amma hans som mista han i golvet slik at han knakk ryggen.[2]

I borgarkrigstida, då Inge var konge, var det vanleg at fleire kongssøner kjempa mot kvarande om makta i Noreg. Inge Krokrygg kjempa mot brørne Øystein II Haraldsson og Sigurd, som begge ynskte å ta frå Inge kongsnamnet. I løpet av Inges og brørnes regjeringstid vart Nidaros erkebispedøme skipa. Inges viktigaste rådgjevarar var lendmennene Erling Skakke og Gregorius Dagsson. I kretsen rundt Inge lå grunnlaget for det som etterkvart vart ei gruppe aristokratiske og kyrkjevenlege stormenn som i moderne tid er kalla Lendmannspartiet. Denne gruppa la igjen grunnlaget for baglarane, gruppa som reiste seg mot kong Sverre Sigurdsson på slutten av 1100-talet.[3]

Inges menn klarde til slutt å få teke livet av begge brørne hans. Inge sjølv fall i eit slag i 1161 mot Sigurd Munn sin son Håkon II Herdebreid.

I Heimskringla av Snorre Sturlason kan ein lesa norske kongesoger, mellom anna om Inge Krokrygg. Soga om Inge og brørne hans heiter Haraldssønenes saga.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Snorre: Haraldssønnenes saga, kap. 2
  2. Saxo, Fjortende bog (Valdemar den store): 194
  3. Norseng, Per G.. (2017, 12. april). Inge 1 Haraldsson. I Store norske leksikon. Hentet 2. august 2017.