Inge Særheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inge Særheim
Fødd22. desember 1949
Stavanger kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar

Inge Særheim (fødd 22. desember 1949 i Stavanger) er ein norsk språkforskar og namnegranskar frå Klepp i Rogaland.

Særheim tok examen artium ved latinlina på Bryne gymnas i 1969. Vidare tok han historisk-filosofisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1979, og vart då cand.philol. med nordisk hovudfag, fransk mellomfag og musikk grunnfag. I 2000 vart han dr.philos. ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Namn og gard. Studium av busetnadsnamn på -land. Sidan same år har han også vore professor ved Universitetet i Stavanger.

Han arbeidde som høgskulelektor i norsk ved Stord lærarhøgskule i eitt år etter han var ferdig med studia sine. Etter dette dreiv han namnegransking ved Rogalandsforskning og Rogaland distrikthøgskole.

Særheim er ofte innom stadnamn-spalta i radioprogrammet Språkteigen på NRK P2, der han svarar på spørsmål og greier ut om tydinga av stadnamn.

Han er prorektor ved Universitetet i Stavanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnnsstoff[endre | endre wikiteksten]