Inge Steensland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Steensland
Fødd26. november 1923
Død18. september 2010
Konfliktarandre verdskrigen

Inge Steensland (fødd 26. november 1923 i Stavanger, daud 18. september 2010)[1] var ein norsk fenrik og motstandsmann under andre verdskrigen. Han mottok Krigskrossen med sverd, Noregs fremste utmerking. Etter krigen dreiv han framgangsrik forretning innan skipsfart og eigedom.[2]

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Steensland forlét Noreg ombord på MB «Sjøgutt» 10. juli 1941 og kom fram til Sandend 13. juli.[3] Han vart først rekruttert til Kompani Linge, men søkte seg seinare over til marinen. Han tjenestegjorde som kadett på fleire britiske krigsskip under krigen. Han deltok blant anna om bord på den britiske destroyeren HMS «Brissinden» under invasjonen av Omaha Beach i Normandie 6. juni 1944.

Han deltok òg i Operasjon Polar Bear VI i siste fasen av krigen.

Forretningsmann[endre | endre wikiteksten]

Etter slutten til andre verdskrig fullførte Steensland i 1946 Sjøkrigsskolen. Han byrja som forretningsmann og starta eige skipsmeklarfirma, Inge Steensland AS, i 1960. Han opparbeidde seg etterkvart òg betydelege delar i reiarlaget Solvang. I 2008 vart formuen hans rekna av tidsskriftet Kapital til å vera på om lag 1 600 millionar.

Steensland har gjeve namn til Inge Steenslands pris og til ein redningsskøyte i Petter C. G. Sundt-klassa. Skøyta med namnet RS «Inge Steensland» vart døypt 30. april 2010.

Inge Steensland var far til forretningskvinna Anne Merete Steensland.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For sin innsats under krigen, og ikkje minst for operasjon Polar Bear VI, vart Steensland i september 1946 tildelt Noregs høgaste utmerking, Krigskrossen med sverd.[4] Han mottok òg den norske Krigsmedaljen og Storbritannias Distinguished Service Cross.[5]

Steensland vart i 2004 tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Inge Steensland er død», VG.no, 18. september 2010.
  2. Dag-Henrik Fosse: «Inge Steensland er død» Arkivert 2010-09-21 ved Wayback Machine., Stavanger Aftenblad, 18. september 2010.
  3. Ulstein, Ragnar (1920-) (1979). Englandsfarten. Samlaget. s. 347. ISBN 8252109837. 
  4. Erik Gjems-Onstad (red.): Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren, Oslo: Grøndahl Dreyer, 1995, s. 161.
  5. Aftenposten, 23. september 2010, del 2, s. 13.