Inge Thun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inge Thun
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1945
Drammen kommune
Død

15. februar 2008 (62 år)
Drammen kommune

Idrett fotball

Inge Thun (17. juni 194515. februar 2008) var ein norsk fotball- og bandyspelar frå Drammen som vann fem norske meisterskap i bandy og tre i fotball, og eitt seriemeisterskap i fotball, alt saman med Strømsgodset Idrettsforening.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Thun var målvakt på Strømsgodset fra 1962 til 1977. Han var med på å spele laget opp frå 4. divisjon i 1963 og til 1. divisjon i 1967. Deretter vakta han målet i SIF i 10 år i toppserien, og vart cupmeister i 1969, både serie- og cupmeister i 1970, og cupmeister i 1973. Thun spelte 329 obligatoriske fotballkampar for Strømsgodset. Han var landslagsmålvakt i tre kampar i 1968 og 1969, og fekk sin fjerde og siste landskamp mot Finland sommaren 1974.

Bandy[endre | endre wikiteksten]

På bandybanen spelte Thun ving på SIF-laget som sikra seg fem NM-titlar i tida mellom 1963 og 1970. Han deltok i 13 landskampar, og var med på laget som tok sølv i verdsmeisterskapen 1965 i Moskva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]