Ingebjørg Kasin Sandsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. september 1915
Seljord
Død

4. september 2003 (87 år)
Seljord

Yrke politikar, skribent, lyrikar
Politisk parti Kristeleg Folkeparti
Ektefelle Halvor J. Sandsdalen
Born Odd Jan Sandsdalen

Ingebjørg Kasin Sandsdalen (6. september 19154. september 2003) var ein norsk forfattar og gardkone frå Seljord. Ho skreiv tjue diktsamlingar og nokre romanar. Tru, glede og livskjensle er sentrale tema i forfattarskapen. Tekstane er både i form og innhald noko folkeviseaktige. Ho var gift med Halvor J. Sandsdalen og mor til Odd Jan Sandsdalen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter ein vinter på Sagavoll Folkehøgskule tok Ingebjørg Kasin seg arbeid hos kjøpmann Toralf Lindstøl i Seljord, der ho møtte Halvor J. Sandsdalen. Dei to inspirerte og kritiserte skrivinga til einannan. Frå 1938 dreiv dei farsgarden hans i Seljord, til dei i byrjinga av 1950-åra bestemte seg for å satse heiltid på skriving og forfattaryrket.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Ingebjørg Kasin Sandsdalen debuterte i 1950 med diktsamlinga Hjarta av jord, ei samling som fekk fin kritikk. I 1970 og -72 gav ho ut Hjarta og harpe og Erindrings bok, to prosaverk der ho skildrar ein sjølvopplevd barndom i ein lyrisk stil. Mange år seinare, 1989 og 1991, fylgde ho opp med sjølvbiografiane Med gullstøv under skorne og Frå eit hjartes ferdskrivar, også desse i ein poetisk prosa.

Firebandsverket om 1600-talspresten Zacharias Skancke, ein mann som arbeidde i Seljord i 56 år, må seiast å vere det sentrale arbeidet til Sandsdalen. Dei fire romanane; Linet blømer, Hr. Zacharias til Sillejord, Linpresten og Av Skancke-ætt kom ut i tida 1976-83. Til denne romanserien sette ho seg grundig inn i nær sagt alt som kunne fortelje noko om tida presten levde i, og om tilhøva i Seljord 350 år tilbake. Ho leita ikkje etter å dikte menneske med outrerte eigenskapar, ho skapte heilskap i pakt med det ettermæle som lever etter dei.

Minne frå oppveksten i Svartdal i Seljord er med i praktisk talt alt Ingebjørg Kasin Sandsdalen skreiv. Ho er opptatt av alt som veks, av årstidene og skiftande lys. Ved hjelp av konkrete ting som steinar og blomar, skyer og tre syner ho dei store linjene i menneskelivet. Av og til dukkar det opp uromoment i dette universet, utan at det rokkar ikkje ved verdsorienteringa hennar. Trua på det guddommelege, på Gud og at det er den krafta som gjennomstrøymer alt, pregar forfattarskapen.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Sandsdalen var i 12 år med i den departementale salmebokkomiteen, og er representert i Norsk Salmebok med ein omsett salme.

Sandsdalen vart i 1965 tildelt Sunnmørsprisen for diktsamlinga Guds lampe. Langt seinare fekk ho i 1994 Jørgen Vikør-prisen for diktsamlinga Treblåsaren og i 1995 fekk ho målprisen.

Frå 1984 hadde ho kunstnarløn av Seljord kommune. Saman med ektemaken Halvor J. Sandsdalen vart ho i 1996 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hjarta av jord, 1950
  • Vera ein sjø, 1958
  • Vegen og vandraren, 1960
  • Søkte eg lyset, 1963
  • Guds lampe, 1964
  • I dei solhøge år, 1965
  • I songens månad, 1966
  • Attom di strand, 1968
  • Hjarta og harpe, 1970
  • I såldet, 1971
  • Erindrings bok, 1972
  • Laterna magica, 1973
  • Hemmelege landemerke, 1975
  • Linet blømer, 1976
  • Plukk dagen, 1976
  • Hr. Zacharias til Sillejord, 1977
  • Mellom levande, 1978
  • Linpresten, 1980
  • Av Skancke-ætt, 1983
  • Song i september, 1985
  • Aldrande jord, 1987
  • Med gullstøv under skorne, 1989
  • Frå eit hjartes ferdsskrivar, 1991
  • Treblåsaren, 1993
  • Landskap, 1995
  • Georgica, 1996
  • Vengefjørsong, 1999
  • Jord og tid, 2001

Kjelder[endre | endre wikiteksten]