Ingebjørg Mælandsmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingebjørg Mælandsmo
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 1898
Heddal
Død

6. mars 1981 (82 år)
Notodden kommune

Yrke skribent, lyrikar

Ingebjørg Mælandsmo (21. juli 18986. mars 1981) var ein norsk lærar og forfattar frå Heddal som skreiv romanar om kristendom, makt og ære, ofte i ei historisk ramme med folkloristiske innslag. Ho er særleg kjend for romanane om folkeminnesamlaren Olea Crøger.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mælandsmo voks opp på garden Hovdejord i Heddal som nest yngst av 12 sysken, faren dreiv i tillegg til jorda også landhandel. Vinteren 1915/16 gjekk ho på Sagavoll kristelege ungdomsskule, og 1919 tok ho eksamen ved Notodden lærarskule. Dei neste åra var ho lærar fleire stader, mellom anna på Viken kristelege ungdomsskule ved Gjøvik og på Dovre folkehøgskule, før ho 1928 kom til den frilynde folkehøgskulen Romerike fylkesskule på Jessheim, der ho arbeidde fram til 1960. Ho flytte då heim til Heddal og var forfattar på heiltid.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Mælandsmo debuterte i 1923, to år etter ho gav ut ei bok under psevdonym. Debutromanen vart til ein trilogi, der ættekjensle og strid mellom kyrkja og lekkristne var tema.

Folkloristiske motiv står sentralt i dei neste to romanane: Ola Lensmann og Den synske. Forteljinga er bygd på segner og historiske hendingar kring heimegarden til forfattaren, der hovudfiguren budde på 1700-talet. Ho fekk ros for miljøskildringane i fyrste boka, oppfølgjaren var kunstnarleg noko veikare. Likevel er bøkene omtalte som dei ypparste i forfattarskapen.

1939 vann Mælandsmo ei nordisk tevling om beste roman med kristent grunnsyn med boka Og flommen kom. Mange kritikarar meinte at «kristne bøker» mangla kunstnarleg kvalitet, og fleire kjende bokmeldarar let sidan vere å melde bøkene hennar. Sjølv meinte ho at ho stilte same krav til ein «kristen» roman som til andre romanar. Med sitt grundtvigianske grunnsyn møtte ho motbør også i enkelte kristne miljø. Både den romanen og dei to neste skreiv Mælandsmo på radikalt bokmål då ho hadde sympati for samnorsk. Sidan samnorsk ikkje vann fram, gjekk ho attende til nynorsk.

Kring 1950 starta Mælandsmo arbeidet med romanane om Olea Crøger, prestedottera frå Heddal som samla folkeviser, men opplevde at M.B. Landstad fekk æra for dette. Gjennom fem romanar; Søndinn, Hr. Crøger til Hitterdal, Mogning i september, Blomar i oktober og Haust i november skildrar ho bygdelivet i Heddal på 1600- og 1700-talet med stolte bønder og vanekristendom i kontrast til dei meir pietistiske «lesarane». Dei tre siste bøkene er om Olea, folkeviseinnsamlinga og korleis det var å vera ugift kvinne i eit mannssamfunn. Bøkene vart godt mottekne av kritikarane, men dei mange personane i bøkene gjorde lesinga tung. Romanserien kom ut i åra 1958-70.

Kvinner dominerer som hovudpersonar i bøkene til Mælandsmo. Sjølv meinte ho at ho ikkje dreiv kvinnesak når ho viser korleis Olea Crøger måtte kjempe for å bli sosialt akseptert som ugift kvinne.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

I 1970 fekk Mælandsmo Sunnmørsprisen og 1977 var ho den fyrste som fekk Telemark fylkes kulturpris. Ved hundreårsmarkeringa 1998 vart det avduka eit relieff av henne, plassert på fjellveggen opp mot bygdetunet i Heddal.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Jord (under pseudonymet Inga Bjørge, 1921)
  • Malmar i eld (1923)
  • På Malm (1925)
  • Waldemar (1927]])
  • Ola Lensmann ([1931)
  • Den synske (1933)
  • Nittan år (1937)
  • Og flommen kom (1939, revidert utgåve 1949)
  • Kjellaug Malm og de to prestene (1940)
  • Jeg bare tror. Minneblad 1940–1945 (1945)
  • Den tidlege våren (1945)
  • Natta til den 19de august (1947)
  • Søndinn (1958)
  • Hr. Crøger til Hitterdal (1964)
  • Mogning i september (1966)
  • Blomar i oktober (1968)
  • Haust i november (1970)
  • Andres og Elline (1975)
  • Du skal teia still! (1977)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]