Ingeborg Grytten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeborg Andersdatter Grytten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1668
Holmedal i Sunnfjord
Død

1705 (37 år)

Yrke lyrikar, skribent
Tema Kristendom
Sjanger Salmar
Debut Kaars-Frugt (1713)

Ingeborg Grytten (1668–kring 1705) var ein norsk salmediktar og prestedotter frå Sunnfjord. Saman med Dorothe Engelbretsdotter er ho den einaste kjende kvinnelege diktar i Noreg på 1600-talet. Livet hennar var prega av at ho vart spedalsk i ung alder. Grytten vart fødd i 1668, men det er usikkert kor lenge ho levde. Mest sannsynleg døydde ho kort tid etter 1705.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Grytten er ein eldre skrivemåte for gardsnamnet Gryta som finst fleire stader i landet. Garden Gryta i Sunnfjord ligg på nordsida av Førdefjorden, mellom Redal og Vevring, om lag 20 km utover frå Naustdal sentrum. Først på 1600-talet budde Johannes Andersson (ca. 1590-ca. 1659) og Kari Olsdotter (d. før 1638) på Ytre Gryta. Dei hadde inntekter frå fleire eigedomar og var så velståande at dei kunne kosta presteutdanning på ein av sønene.

Far til Ingeborg Grytten, Anders Johannesson Grytten (f. kring 1620-d. kring 1685), var prest i Holmedal prestegjeld frå 1655 til 1685. Han budde på prestegarden i Holmedal. I 1658 vart Anders Grytten gift med Maren Ludvigsdotter Munthe (1635-1715). Ho var dotter til Ludvig Hansen Munthe, biskop i Bergen stift og oldefar til Ludvig Holberg. I tillegg til dottera Ingeborg hadde dei fem andre born.

Salmedikting[endre | endre wikiteksten]

Ingeborg Grytten vaks opp og levde heile livet sitt på prestegarden i Holmedal. Dette var ein velståande heim med mange bøker, og Grytten las blant anna salmane til danske Thomas Kingo og Dorothe Engelbretsdotter. Sjølv skreiv Grytten salmar og 20 av dei vart publiserte i songboka Kaars-Frugt. Boka inneheldt i tillegg Morgen- og Aften-Psalmer til hver Dag i Ugen, saa og de 7 Kong Davids Poenitentse-Psalmer. Denne kom ut i stort opplag, fyrste gong i 1713 og siste gong i 1846. Fleire av songane til Grytten levde på folkemunne fram til slutten av 1800-talet.

Ni eksemplar av Kaars-Frugt er funne registrerte i arveskifte etter allmugebefolkning i Romsdals Amt og Øvre Telemark i perioden 1690-1839. Det første funnet av boka vart gjort i eit skifte frå 1764 i Nærøy på Søre Sunnmøre.[1]

Diktarkunst prega av sjukdom[endre | endre wikiteksten]

Ingeborg Grytten var tydeleg prega av sin sjukdom. Denne isolerte henne i heimen, og det er tydeleg at ho søkte trøyst gjennom diktarkunsten. I nokre vers skildrar Grytten tydeleg sin sjukdom:

Min bange Sjæles fule Saar
Forfærdeligen stinker
Udi min Herres Næsebaar
Hvorfore jeg nu hinker.
(»Den Anden Sang«)

I andre vers kjem det fram at Grytten lengtar etter døden:

Skal jeg længer paa dig vente,
før det falder dig tilpas
At du mig herfra vil hente,
og mig spende fra mit Las?
(»Den Tiende Sang«)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1727 – Dend storspralende.... (København)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fet, 1995, side 236, 347 og 386.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]