Ingeborg Gude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeborg Gude

Ingeborg Gude som dokkemakar i 1954
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1890
Oybin
Død

9. desember 1963 (73 år)
Snarøya

Yrke illustratør, dokkemakar
Far Ove Gude
Ektefelle Mario Caprino, Bernhard Folkestad
Ingeborg Gude på Commons

Ingeborg «Ingse» Gude (31. august 18909. desember 1963)[1] var ein norsk teiknar, illustratør, dokkemakar, forfattar og visesongar. Ho er kjend for å ha laga dokkene til mange av dei populære animasjonsfilmane til sonen Ivo Caprino.

Gude var gift fyrste gong med interiørarkitekten Mario Caprino (frå Sardinia) og andre gong med kunstmålaren Bernhard D. Folkestad.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ingeborg Gude var dotter av diplomaten Ove Gude (1853–1910) og Luise «Lilly» Egeberg (1856–1900).[2] Mora var av slekta Egeberg (som opphavleg kom frå Sjælland), mens faren var av slekta Gude, son av malaren Hans Gude (1825–1903). Faren gifta seg igjen med Elna de Stjernholm.

Gude flytta med faren som hadde fleire posteringar i London, Madrid, København og Berlin.[3]

Etter at faren døydde på post i Washington i 1910, flytta Gude med stemora og systera Sigrid til Roma. Der gifta ho seg i 1912 med kunstnaren Mario Caprino (1881–1959), som var son av ein høgsterettsadvokat. Dei vart foreldre til filmskaparen Ivo Caprino (1920–2001) like etter flyttinga til Kristiania, der Mario raskt fekk arbeid som italiensk konsul. Dei budde på Snarøya. I 1923 vart dei eigarar av Snarøen Hovedgård. Garden vart øydelagd i brann same år, men dei gjenreiste bygningen.

Kunstnarisk virke[endre | endre wikiteksten]

Ingeborg Gude med sonen Ivo Caprino og dokker til trulig ein reklamefilm i 1954.

Gude skilde seg frå Mario Caprino omkring 1927, og flytta saman med målaren Bernhard Dorotheus Folkestad (1879–1933). På denne tida byrja ho for alvor å måle.

Bernhard Folkestad døydde i 1933. Seinare var ho sambuar med den dansk-norske malaren og kunstkritikaren Pola Gauguin (1883–1961) og byrja med tinn og var innehavar av Tinnboden i Oslo. I 1941 kom hennar fyrste bok ut. Ho vart den fyrste kvinna som var med i Visens Venner (skipa i 1944), og skreiv sjølv fleire viser med anti-nazistisk innhald. Ho illustrerte fram til 1947 spalta til Pus Thaulow i Dagbladet.

Systera Sigrid «Simba» Gude (1892–1988) hadde gifta seg med ingeniøren og fjellklatraren Alf Bonnevie Bryn (1889–1949).[4] Ingeborg Gude budde hos systera og svogeren i lengre periodar. Dottera deira Siri Gude Bryn (1922–1999)[4] gifta seg i 1950 med tinnsmeden Bjarne Sandemose (1924–2013).[5] Sandemose var frå 1948 ein av dei næraste medarbeidarane til Ivo Caprino ved Caprino Filmstudio.

Gude laga nokre dokker som skulle brukast i ei oppsetjing av Frithjof Tidemand-Johannessen (1916–1958). Dei gav sonen Ivo Caprino inspirasjon til den fyrste dokkefilmen hans, Tim og Tøffe (1949), som ho laga dokkene til. Ho hadde sida 1948 jobba fulltid i ein eigen verkstad i filmstudioet på Snarøya Hovedgård, der eksmannen Mario heldt fram med å bu til han døydde i 1959. Mario hadde i 1954 spela tinnsmeden som støypte i filmen Den standhaftige tinnsoldat.

Gude var involvert i alle av filmane til sonen fram til ho døydde i 1963. Ho vart etterfølgd som modellør av Ingeborg Riiser, som hadde vore assistent i den siste filmen til Ingeborg Gude Papirdragen (1963). Riiser var også modellør for produksjonen Flåklypa Grand Prix. Seinare overtok dottera til Ivo Caprino, Ivonne Caprino, modelleringsarbeidet.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1941: Gamle norske ordtak
  • 1942: Dyra tenker sittbiletbok med rim og teikningar
  • 1945: Glimt i mørke : tegninger fra 1944 – samling av teikningar og karikaturar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jansen, Ebba (1940). Slekten Gude i Norge. s. 80. 
  2. Jansen, Ebba (1940). Slekten Gude i Norge. s. 77. 
  3. Haddal, Per (1993). Ivo Caprino!: et portrett av askeladden i norsk film. Hjemmets bokforlag. ISBN 8259012480. 
  4. 4,0 4,1 Jansen, Ebba (1940). Slekten Gude i Norge. s. 81. 
  5. Norsk kunstnerleksikon: bildende kunstnere, arkitekter, kunsthåndverkere. Universitetsforl. 1986. ISBN 8200068102. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ingeborg Gude