Ingeborg Heldal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeborg Heldal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1973 (50 år)
Ringsaker kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke redaktør, programleiar, journalist, pedagog
Ingeborg Heldal på Commons

Ingeborg Heldal (fødd 15. mai 1973) er ein norsk journalist og redaktør. Ho vart landskjend i samband med ein episode knytta opp til noregsbesøket til president Bill Clinton i 1999. Heldal har sidan 2017 vore redaktør for kvinnemagasinet KK.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Heldal vart fødd i Ringsaker. I 1992 flytta ho til Trondheim for å studere tysk og historie. Etter det flytta ho til Oslo for å ta sosiologipedagogikk, og fekk i 1997 jobb som klasseforstandar ved Uranienborg skole i Oslo, ei stilling ho hadde til 2000.

Hausten 1999 vart Heldal rikskjendis då den amerikanske presidenten Bill Clinton tilfeldigvis stoppa opp og prata med ho utanfor Slottet i Oslo. Clinton var på noregsbesøk då den aktuelle hendinga skjedde. Pressa trekte umiddelbare parallellen til Monica Lewinsky, og dimed gjekk bileta av Heldal og president Clinton verda over.[1] Aviser og TV-stasjonar kontakta henne og 19. november deltok ho på Fredrik Skavlan sitt talkshow Først & sist. Ho var òg gjest på nederlandsk TV. Året etter fekk Heldal ein programleiarjobb i NRK der ho leia familieprogrammet Ryk eller reis.[2] Hausten 2000 jobba ho som utegåande reporter i Du skal danse mye, og arbeidde same haust med research og sketsjar til barneserien HjemmefrontenNRK2. Våren 2001 var Heldal programleiar for Melodi Grand Prix 2001 frå Tromsø. I 2001, 2002 og 2003 var ho programleiar for det påskesende barneprogrammet Påskemorgen. I 2008 var ho jurymedlem i det TV3-sende programmet Top Model Norge.[3]

I perioden 2002 til 2004 studerte Heldal journalistikk på Norsk journalisthøgskole i Oslo. Etter eit kort opphald i Se og Hør i 2003, arbeidde ho i perioden 2004–2007 som skribent for kvinnemagasinet KK. Frå 2007 til 2012 var ho sjefredaktør i Cosmopolitan.[4][5] Frå 2008 til 2010 var Heldal òg ein av programleiarane for Studio 5. Frå 2012 til 2013 var ho journalist, filmkritikar og programleiar i Viasat Film. I 2013 vart Heldal tilsett som redaktør i Side2, Nettavisen sitt livsstilsmagasin for kvinner.[6] I 2017 vart ho tilsett som redaktør for kvinnebladet KK, der ho tidlegare hadde jobba som journalist.[7]

Familie[endre | endre wikiteksten]

I 2008 gifta Heldal seg med journalist Halvor Haugen (f. 1981).[8][9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «USA smiler av norsk Clinton-feber». Dagbladet. 4. november 1999. Henta 15. september 2008. 
  2. «Jeger eller bytte?». Dagbladet. 13. juli 2000. Henta 15. september 2008. 
  3. AS, TV 2 (18. juni 2010). «Kjendisjentenes hete sommertips» (på norsk). Henta 5. februar 2019. 
  4. «highway to heldal». Dagbladet. 20. juli 2007. Henta 15. september 2008. 
  5. Heldal slutter i Cosmopolitan. seher.no (21. juni 2012)
  6. Ingeborg Heldal (40). journalisten.no (7. november 2013)
  7. «Ingeborg Heldal forblir redaktør for KK. Går fra konstituert til fast rolle», Journalisten 30. oktober 2017
  8. «Stod rosa og sort brud i Paris». Se og Hør. 18. juni 2008. Arkivert frå originalen 9. oktober 2008. Henta 16. september 2008. 
  9. «Død over romantikken». Dagbladet. 13. mars 2003. Henta 16. september 2008.