Hopp til innhald

Ingeborg Helen Marken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingeborg Helen Marken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. januar 1975 (49 år)
Kongsberg kommune
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Ingeborg Helen Marken (fødd 23. januar 1975) er ein tidlegare norsk alpinist frå Eggedal i Buskerud som hevda seg internasjonalt i super-G og i utfor. Ho vann eitt verdscuprenn i 1996 og fire NM-gull i tida 1995-2002. I alt fire gongar stod ho på pallen etter verdscuptevlingar; to i utfor, ein i super-G, samt i eit kombinasjonsrenn.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Marken fekk sitt nasjonale gjennombrot i 1995-sesongen med gull og to sølv i alpint-NM, gullmedaljen kom i storslalålm. Året etter kom ho på sjetteplass i både utforrennet og kombinasjonen under VM i alpine greiner 1996 i spanske Sierra Nevada. Den 7. mars 1996 rann ho i Kvitfjell-løypa ned til sin einaste siger i ei verdscuptevling, eit super-G-renn. Seinare oppnådde ho to pallplasseringer i utforrenn i verdscupen, ein tredjeplass i franske Val-d’Isère i desember 1997 og ein andreplass i Sierra Nevada i mars 1999.

Både i 1997 og 1998 måtte Marken nøye seg med sølvmedaljar i utfor under noregsmeisterskapane i Hemsedal og Oppdal, slått av høvesvis Trude Gimle og Grete Strøm. Under Vinter-OL 1998 i Nagano kom Marken på 11. plass i utfor, medan ho i VM i alpine greiner 1999 i amerikanske Vail enda som nummer 14 i både utfor og super-G.

Marken vann NM-gull i utfor i 2000 og 2002, samt sølv i 2001. Under NM 2002 på Kvitfjell vart ho elles dobbeltmeister ettersom ho sigra også i super-G, i same løypa der ho seks år tidlegare vann verdscuprenn. Internasjonalt makta ho ikkje lengre å konkurrere med dei aller beste, noko ein 18. plass i VM-utforen 2001 og ein 13. plass i OL-utfor 2002 viste.

Marken la konkurranseskia på hylla etter 2002-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar