Ingeborg Lygren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Ingeborg Lygren
Fødd 22. januar 1915
Høyland
Død

21. januar 1991
Sandnes kommune

Yrke Ambassadesekretær

Ingeborg Lygren (19151991) var ein norsk etterretningsarbeidar som var urettmessig skulda for spionasje i den såkalla Lygren-saka.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lygren vart fødd vinteren 1915 i Høyland på Jæren. Foreldra flytta til Sandnes i 1938 og i 1944 tok Ingeborg eksamen artium ved Rogaland landsgymnas på Bryne. Søstera, Tori, hadde reist til London i 1939 som au pair, men etter kort tid vart ho rekruttert som kontordame hjå den norske eksilregjeringa der. Ho hamna etter kvart hjå etterretningstenesta, og Ingeborg fulgde etter søstera og slo seg saman med henne i London, der begge vart sekretærar på E-kontoret, som då heitte Andre avdeling av Forsvarets Overkommando.

Karriere i norsk etterretning[endre | endre wikiteksten]

Etter andre verdskrigen flytta denne avdelinga til Oslo, og begge søstrene fulgde med. I 1946 vart Vilhelm Evang sjef der. Han byrja straks å bygge opp ein etterretningsorganisasjon med analyseavdeling, signaletterretning, kryptoanalyse og chifferteneste. Ved dette høvet byrja Ingeborg Lygren å læra seg russisk og polsk, noko som sienare skulle visa seg svært nyttesamt, for i 1948 vart det brot i samarbeidet mellom Noreg og Sovjetunionen etter at Tsjekkoslovakia med tvang vart til ein sosialiststat med sentral planøkonomi. Fyrste jobben som russisk tolk fekk ho hjå Grensekommiseren i Kirkenes tidleg på 50-talet, og i 1955 vart ho send til Moskva som ambassadesekretær for ambassadør Erik Braadland. Her byrja den sokalla Lygren-saka, som skulle få svært store konsekvensar for Ingeborg Lygren.

Samstundes med at ho skulle vera ambassadesekretær, skulle Lygren òg gjera tenester for norsk etterretning og Vilhelm Evang. Det som likevel skulle ta mest ressursar vart den jobben ho skulle gjera for CIA gjennom representanten for CIA i Noreg, Robert E. Andersen, og ein CIA-sjef frå USA, Richard Kovich, som instruerte henne for oppgåva.

Som ein av fleire CIA-agentar i Moskva, nokre òg frå Noreg, skulle ho samle inn og sende post frå og til dei mange daude postkassene i Moskva. Dette er ei svært vanskeleg oppgåve som krevde mykje øving på førehand for å unngå å verta oppdaga. Frå CIA vart ho tildelt kodenamnet «Satinwood-37», og måtte læra seg å laga «daude postkasser» i Oslo og bruka dei utan å vekkje merksemd før ho fekk lov til å byrja med slikt arbeid i Moskva. Ho vart òg øvd i kartlesing og samband med kryptert, privat chiffer. Den som hadde jobben som skrivar hjå ambassadør Braadland før Ingeborg fekk den, var Gunvor Galtung Haavik, som hadde hatt den i åtte år. Haavik brukte to veker på å sette Lygren inn i oppgåvene som ambassadesekretær.

Planen var at Ingeborg Lygren skulle ha denne jobben hjå Braadland til 1958, men det var vanskeleg å skaffe personell som kunne russisk den gongen, og derfor måtte ho fortsette med dette arbeidet heilt fram til august 1959. Då vende ho tilbake til Oslo og jobben som sekretær hjå Vilhelm Evang personleg. I november same året kom Richard Kovich[1] frå CIA til Noreg for å høyra på sluttrapporten om Lygren sine meir enn tre år som CIA-agent i Moskva. Alle detaljar vart registrerte, diskuterte og arkiverte hjå CIA, som var svært nøgde.

Lygren-saka[endre | endre wikiteksten]

I desember 1961 hoppa ein KGB-major, Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn, av og gjekk over til CIA. Han hadde mykje informasjon med seg som kunne avsløra fleire moldvarpar i CIA og FBI, og han kunne òg fortelja mykje om kven som kunne vere KGB-agentar i løynd.

Sumaren 1962 fortalde Golitsyn til Asbjørn Bryhn at i byrjinga av 1960 fekk KGB tak i eit NATO-dokument frå Oslo på 12 sider. Dokumentet handla om NATO sin reaksjon på Frankrike si stilling i organisasjonen og diskuterte òg det sokalla «tyskespørsmålet». Det viktigaste var likevel at Golitsyn hadde sett ein handskriven merknad på dokumentet, der det stod at «endeleg kjem det NATO-dokument frå Oslo òg» og «dette er ei veldig god rekruttering».

POT med Bryn starta då etterforskning som viste at mange institusjonar og personar hadde hatt tilgang til dette dokumentet, inkludert Haavik, som då var sekretær for det sokalla 1. rettskontor, men etterforskinga greidde ikkje å finna denne kjelda.

Året etter, i 1963, fortalde Golitsyn at ein KGB-offiser med kodenamn Sasha, i 1962 var moldvarp ved CIA sin stasjon i Berlin, og hadde greidd å øydeleggja eit stort tal vestlege agent-operasjonar. Resultatet vart fengling og drap på mange vestlege agentar. Han trudde vidare at det verkelege etternamnet på denne karen byrja med bokstaven «K». Golitsyn fekk då tilgang på CIA sine arkiv og namnet på alle CIA sine agentar. Han plukka straks ut Kovich, som hadde vore agent i Berlin på det aktuelle tidspunktet. Då han bladde gjennom mappa til Kovich, kom han òg over at Kovich hadde instruert og ført Lygren som CIA-agent i Moskva i tida frå 1956 til 1959. Golitsyn meinte ved dette høvet at Lygren var KGB-agent, og at det var ho som gjorde Kovich til moldvarp i CIA - og ikkje motsett.

Asbjørn Bryhn vart så i 1964 kontakta av CIA og fekk vita kva Golitsyn hadde funne ut. Den 14. september 1965 vart Ingeborg Lygren arrestert av POT, mistenkt for spionasje for ei framand makt. 10. desember 1965 føreslo Asbjørn Bryn for statsadvokat Dorenfeldt at Ingeborg Lygren skulle åtalast som spion for KGB. Bryn påstod at det låg føre ei tilståing, men Dorenfeldt fann denne så tynn at han føreslo henlegging av saka mot Lygren «på grunn av bevisets stilling» for riksadvokat Andreas Aulie. 14. desember same året vart Ingeborg Lygren sett fri frå kvinnefengselet på Bredtvedt i Oslo.

Lygren gjekk sjukemeld fram til 1966, og fekk då atter jobb i E-staben, men ikkje som sekretær hjå E-sjefen, som då hadde vorte general Johan Berg. Arbeidet vart no omsetjing frå russisk til norsk. POT med Asbjørn Bryn og fleire politikarar trudde framleis Lygren var spion, og etterretningstenesta måtte prøva verna henne mot både desse kreftene og journalistar heilt fram til 1974, då Golitsy og sjefen for CIA sin kontraetterretningsseksjon, James Jesus Angleton, mista all tiltru og Angleton vart avsett. Lygren fekk tilbod om ei erstatning på 250.000 dollar. Ho avslo tilbodet frå CIA, men søkte om billigheitserstatning frå Stortinget, og fekk til slutt 30.000 kroner.

Det skulle gå endå tre år - til januar 1977 - før den verkelege spionen, Gunvor Galtung Haavik, vart teken på fersk gjerning under eit møte med sin føringsoffiser, Aleksander Printsipalov, ved Bråten stasjon på Ekebergbanen i Oslo.

I 1982 gjekk Ingeborg Lygren av med pensjon, flytta til barndomsheimen utanfor Sandnes og levde eit stille liv der. Ho døydde i Sandnes i januar 1991.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Adam Bernstein (27. february 2006), «CIA Officer Richard Kovich; Helped Notable Soviets Defect», Washington Post 
  2. side 93 i Iskyss, ISBN13 9788203172373

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

http://www.dagbladet.no/nyheter/her-er-kgb-agenten-som-la-sexfella-for-den-norske-toppdiplomaten/60887859

http://www.dagbladet.no/nyheter/han-kartla-nordmenns-sexliv-alkoholbruk-og-pengeproblemer/60887933
https://snl.no/Haavik-saken
https://www.ark.no/boker/Alf-R-Jacobsen-Iskyss-9788203296543
https://books.google.no/books?id=QKXKAgAAQBAJ&pg=PT310&lpg=PT310&dq=ingeborg+lygren&source=bl&ots=cObBY3PIYl&sig=UcfXuHpNhFpn_wJGctoOsi_8AQo&hl=no&sa=X&ved=0ahUKEwjn_
9GVkfLWAhUDYpoKHe8cCR04ChDoAQhkMA4#v=onepage&q=ingeborg%20lygren&f=false
http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/mediesirkuset-arne-treholt-1.431143
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Saksside/?pid=1961-1970&mtid=21&vt=a&did=DIVL39160