Ingeborgvatnet
Utsjånad
| Ingeborgvatnet | |||
| innsjø | |||
Ingeborgvatnet | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Troms | ||
| Kommune | Kvæfjord | ||
| Høgd over havet | 511 moh. | ||
| Areal | 3,68 km² | ||
| Kystlengd1 | 11,19 km | ||
| Koordinatar | 68°35′19″N 15°51′54″E / 68.58861°N 15.86500°E | ||
![]() Ingeborgvatnet 68°35′19″N 15°51′54″E / 68.588611°N 15.865°E | |||
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Ingeborgvatnet (511 moh.) er eit tjern i Kvæfjord kommune i Troms. Ingeborgvatnet ligg like ved Gullholm og vert nytta som rekreasjon og fiskevatn. På 1920-talet vart det sett ut aure i vatnet, men fisken er fåtallig og nokså mager – noko som truleg skuldast mangel på tilgjengeleg mat.
Ved Ingeborgvatnet er det sett opp ei stein/tre-gamme som er mykje i bruk sommarstid og som òg inneheld sengeplassar og gjestebok. Vatnet vert vanlegvis isfritt i byrjinga av juli, sjølv om det òg kan drøye til eit stykke uti andre halvdel av månaden før den siste isen går.
Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
