Ingebret Svennsson Mossige
Ingebret Svennsson Mossige | |
Fødd | 12. mars 1812 |
Død |
26. november 1862 (50 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Ingebret Svennsson Mossige (12. mars 1812–26. november 1862) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Time i Rogaland. Svenn Ingebretsson Mossige var far hans.
Mossige arbeidde på kontoret hos sorenskrivaren, Gunder Aas, i Eigersund. Etter faren døydde i 1835 tok han over farsgarden Mossige. Frå 1839 var han i tillegg veginspektør for Jæren, ei stilling han hadde livet ut. To år seinare vart han også lensmann i Haugland skipreide. Denne stillinga hadde han til 1861 då han vart lensmann i Høyland og magistrat i Sandnes.
1838-40 var Mossige den fyrste ordføraren i Time, sat i heradsstyret til 1861. Han hadde så å seie alle dei kommunale verv han kunne ha, men han var ikkje i forlikskommisjonen. I 1858 var han med i ein kongeleg kommisjon om skysslova.
Mossige var stortingsmann frå Stavanger amt på alle ting frå 1845 til 1860. Han var i 1845 medlem i justiskomite nr 1, 1848 sekretær i same. På tingsamlingane i 1851 og 1854 var han sekretær i Odelstinget, justiskomite nr 1 og valkomiteen, samt 1851 medlem av lovkomiteen. Han heldt fram som sekretær i Odelstinget i valkomiteen 1857 og 1858, medlem av militærkomiteen begge sesjonane. I tillegg var han medlem av jarnbanekomiteen og av komiteen om fengselstellet i 1857, samt finanskomiteen i 1858. På sitt siste storting, 1859-60, var han sekretær i Lagtinget, valkomiteen, militærkomiteen og av komiteen om stortingsbygninga. Sommaren 1860 var han medlem av den deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Trondheim.
Mossige budde på Bruland etter han vart lensmann i Høyland, og døydde der i 1862.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Ingebret Svennsson Mossige NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1812
- Døde i 1862
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Ordførarar i Time
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Time