Ingebrigt Nordbye
Ingebrigt Nordbye | |
Fødd | 4. januar 1828 Selbu |
Død | |
Yrke | politikar, bonde, bankkasserer |
Ingebrigt Nordbye (4. januar 1828–9. mai 1873) var ein næringsdrivar og stortingsmann frå Selbu i Sør-Trøndelag.
Nordbye var son til lensmannen i Selbu. Sjølv gjekk han realskulen i Trondheim, arbeidde så som kontorist hos futen i Strinda. Han overtok slektsgarden Kvello i Selbu i 1846, der han bygde ei kornmylne og dreiv landhandel. Dessutan var han skogvaktar og tømmermmerkar for ein trelasthandlar busett i Trondheim.
Han var ordførar i Selbu frå 1856 til -73 og kasserar i den lokale sparebanken 1859-73. I tillegg var han medlem av forlikskommisjonen 1864-73 og av matrikkel-kommisjonen i Gauldal fogderi. Han deltok i kristenlivet som formann i misjonsforeininga i Selbu.
Nordbye representerte Søndre Trondhjems amt på Stortinget i 1868-69 og 1871-73, men var permittert i 1872-sesjonen. Heile tida han var tingmann sat han som medlem av justiskomiteen. Han døydde i hovudstaden, under stortingsopphaldet der, 45 år gammal.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914