Ingelbrecht Knudssøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingelbrecht Knudssøn

Fødd14. desember 1776
Byneset kommune
Død21. mars 1826 (49 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, embetsmann, jurist
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Alle verv

Ingelbrecht Knudssøn (14. desember 177621. mars 1826) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ingelbrecht Knudssøn var fødd på garden Brensel på Byneset i Sør-Trøndelag, der far hans var gardbrukar. Seksten år gammal vart han tilsett på kontoret til tollkasserar Møller i Trondheim. Der arbeidde han i tre år, så eitt år hos sorenskrivaren i Strinda og Selbu, deretter sju år på by- og rådstuskrivarkontoret i Trondheim.

I desse åra studerte han på eiga hand, og i juni 1803 la han i veg til København. I mai året etter tok Ingelbrecht Knudssøn juridisk embetseksamen «med særdeles berømmelse». Frå 1804 og utover arbeidde han fyrst som amtsfullmektig i Sorø, sidan advokatfullmektig i København og til sist prokurator.

År 1810 overtok Knudssøn sorenskrivarembetet for Aust- og Vestfinnmarken. Fem år seinare vart han sorenskrivar i Romsdal og byfut i Molde. 1821 var han tilbake i Strinda og Selbu, då som sorenskrivar.

Ingelbrecht Knudssøn vart vald inn på stortinget i 1818 som representant for bykrinsen Kristiansund og Molde, sameleis i 1821 (og dermed det overordentlege storting 1822). På stortinget 1824 representerte han Trondheim. I 1818 var han medlem av tolv komitear, formann i i komiteen om overformynderiet. 1821 var han stortingspresident og odelstingspresident. Elles var han då med i 19 komitear, i seks av desse var han formann. Komiteane han leia, forhandla om; a) kjøpstadskatten, b) tiend, c) russefisket i Finnmarken, d) russehandelen i Finnmarken, e) konsulatavgift i Helsingør, og f) vinterpost til Finnmarken over Haparanda. I 1824 var han president i Odelstinget og visepresident i Stortinget. Han var då formann i reglementkomiteen og i protokollkomiteen.

Etter Knudssøn døydde, utfordra borgarar i Trondheim gjennom ein subskripsjon å kome familien hans til hjelp, samt for å heidre minnet hans. Midlar for over 18000 kroner kom inn. Eit restbeløp på i kring 2000 kroner vart 1845 skjenka universitetet, som oppretta eit legat for studentar som hadde trong for økonomisk stønad.

Han ligg gravlagt på sørsida av Vår Frue kyrkje i Trondheim der gravplata framleis er synleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]