Hopp til innhald

Ingelin Røssland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingelin Røssland

NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. februar 1976 (49 år)
Tysnes
YrkeForfattar, journalist
Periode1998-
PrisarSunnmørsprisen, Uprisen, Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris, IBBY Honour List
DebutViss du vil

Ingelin Røssland (fødd 19. februar 1976)[1] er ein norsk forfattar, journalist og omsetjar. Ho voks opp på Tysnes i Sunnhordland. I 2009 flytta ho til Sverige og bur på Lidingö utanfor Stockholm. Røssland debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen Viss du vilDet Norske Samlaget. I 2001 og 2002 kom dei to romanane Kunsten å inhalera og Flyt.

Sentrale tema i hennar forfattarskap er å finne seg sjølv og sin plass i ei kaotisk verd. Vidare forhold til foreldre, venner, rus, sex og vald mot seg sjølv og andre. Dei fleste bøkene er utgitt på Det Norske Samlaget.

Ho har arbeidd som journalist i avisene Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis og i NRK.

Ho har motteke Sunnmørsprisen 2006 og UPrisen 2007 for boka Handgranateple, Sigmund Skard-stipendet 2007[2], Guro Sandsdalens litteraturpris for 2007[3] og Falturiltuprisen i 2011. Bøkene hennar er omsett til tysk, fransk, engelsk og færøysk.

I 2012 kom Kirsebærsnø, den fyrste vaksenromanen hennar.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 2009 Eventyrboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-138-2  [Av innhaldet: Torneprinsen / Ingelin Røssland]
  • 2010 Elskar, elskar ikkje : noveller for ungdom (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7431-1  [Av innhaldet: Amor i revers / Ingelin Røssland]
  • 2010 Nesten som før : 11 historier om å være 14 (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-33385-0  [Av innhaldet: Berre på leik / Ingelin Røssland]
  • 2011 Jeg fant, jeg fant!: dikt for barn (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-41674-1  [Av innhaldet: Amputasjon i tre deler / Ingelin Røssland]
  • 2011 Mot (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-36210-2  [Av innhaldet: 666 / Ingelin Røssland]
  • 2011 Trøysteboka (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-166-5  [Av innhaldet: Sjå meg! / Ingelin Røssland]
  • 2013 Monsterboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-191-7  [Av innhaldet: Knut og Knas / Ingelin Røssland]
  • 2016 Fantasiboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-239-6  [Av innhaldet: Har nokon sett Sherman? / Ingelin Røssland]

Omsetjingar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2011 Vi som aldri sa hore : roman (Oslo: Samlaget)  [Forfattar: Ronnie Sandahl; omsett frå svensk av Ingelin Røssland. Originaltittel: Vi som aldrig sa hora.]
  • 2011 Hallo, elsk meg da (Oslo: Cappelen Damm)  [Forfattar: Johanna Thydell; omsett frå svensk av Ingelin Røssland. Originaltittel: Ursäkta at man vill bli lite älskad.]
  • 2012 Lysløypa (Oslo: Aschehoug)  [Forfattar: Gunnar Ardelius; omsett frå svensk av Ingelin Røssland. Originaltittel: Bara kärlek kan krossa ditt hjärta.]
  • 2013 Alt jeg sier er sant (Oslo: Cappelen Damm)  [Forfattar: Lisa Bjärbo.; omsett frå svensk av Ingelin Røssland. Originaltittel: Allt jag säger är sant.]
  • 2023 Stygge jenter (Oslo: Cappelen Damm)  [Forfattarar: Sara Ohlsson, Johanna Lindbäck og Lisa Bjärbo; omsett frå svensk av Ingelin Røssland. Originaltittel: Fula tjejer.]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Ingelin Røssland (19.02.1976)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013.
  2. ««Prisdryss over Ingelin Røssland»». Nettstaden til avisa Sunnhordland. 16. august 2007. Henta 20. august 2013.
  3. ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]