Ingen skriver til obersten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingen skriver til obersten
El coronel no tiene quien le escriba
Forfattar(ar)Gabriel García Márquez
Språklatinamerikansk spansk
Utgjeven1961
ForlagHarper, Norma Editorial

El coronel no tiene quien le escriba (bokstaveleg 'Obersten har ingen som skriv til han') er ein colombiansk kortroman skriven av Gabriel García Márquez og publisert i 1961. Boka vart utgjeven på bokmål i 1996 av Kjell Risvik med tittelen Ingen skriver til obersten.[1]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Kortromanen handlar om ein oberst og kona hans som lever i ekstrem fattigdom. Han ventar på pensjonen sin som han er lova for sin innsats som offiser. Trass i at situasjonen er vanskeleg, held han håpet ved like. Kvar fredag går han ned til postkontoret ved hamna og spør etter brevet frå militæret. Kona slit med astma og forlèt sjeldan huset. Kamphanen er det einaste verdfulle dei har; han har dei arva frå sonen Augustín, som vart myrda då han oppgav hemmeleg informasjon. Sjølv om dei har lite å eta, vil obersten likevel fôra kamphanen sin med mais, slik at han er klar til kamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. García Márquez, Gabriel 1928-; Risvik, Kjell (1996), Ingen skriver til obersten, Oslo: Gyldendal, ISBN 8205242259 
  • Márquez, Gabriel García (1961) El coronel no tiene quien le escriba.