Ingeniørstyrkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Byggjing av feltbru

Ingeniørstyrkar eller ingeniørsoldatar, tidlegare ofte kalla pionérsoldatar, plar høyre til militær-einingar, òg kalla militær-avdelingar, av typen ingeniøravdelingar. Slike avdelingar kan vera

Ingeniørsoldatar tenestegjer innanfor (våpenarten,) militæringeniør-faget.

Oppgåvene til ingeniørtroppane består i å bana veg for andre troppar, til dømes å rydda landminer, å bygge leirar og å byggja feltbruer. Dei arbeider i fremste rekkje saman med kamptroppane. Ein av deira viktigaste oppgåver er òg å bremsa fiendtlige troppar ved mineutlegging og ved å sprenga bruer og vegar.

Einingar med eit fleirtal av norske ingeniørsoldatar[endre | endre wikiteksten]

Einingar med eit fleirtal av norske ingeniørsoldatar fins i blant, i flernasjonale militærstyrkar (slik høvet var då norske ingeniørsoldatar vart lånt ut til ei flernasjonal styrke i Irak, mellom anna i[1] 2004).
Òg einingar med eit fleirtal av norske ingeniørsoldatar, fins i Noreg (under kommando av Forsvaret).

Oppgåvene til ingeniøravdelingane i det norske militæret, vert inndelt normalt i fire kategoriar:[2]

Forbetring av mobilitet (mobilitetsforbetring)
Oppgåver som aukar høve til  rørsle for vennlegsinna styrkar. Både oppstilling av mellombelse bruer og vegar, og konstruksjon av meir permanente bruer og vegar. Rydding av miner for å skapa passasje gjennom minefelt, og dessutan oppklaring for, og rydning av ueksploderte ammunisjonsgjenstandar. Bortsprengning av hindringar som til dømes velta tre, piggtråd eller panser-hindringer (til dømes hitlertenner). Òg mindre oppgåver som sprengning av dører og vegger under strid i tettstader.
Mobilitetshindring
Oppgåver som minskar høve til rørsle for fiendtlege styrkar. Utlegging av miner, sprengning av bruer og jarnbaner. Utlegging av hindringar, så som tsjekkiske pinnsvin, piggtråd, og dessutan å velta tre på vegar.
Overlevelse
Oppgåver som aukar høve til vennlegsinna styrkar til  å overleva. Primært utbedring av kampstillingar og leirar av alle storleikar, med til dømes vernande murar, løpegonger og nedgravde stillingar til køyretøy. Ingeniørtroppar har normalt òg ekspertise innan beredskap mot Abc-våpen.
Generelle oppgåver
Dekker dei fleste konstruksjonsoppgåver, både til militære styrkar (til dømes leirar) og til lokalfolkesetnaden (til dømes utbedring av infrastruktur).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.nrk.no/urix/norge-vurderer-a-bli-i-irak-1.678579
  2. https://forsvaret.no/karriere/forstegangstjeneste/muligheter/haren/ingeniorbataljonen