Inger-Mari Aikio-Arianaick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inger-Mari Aikio-Arianaick
Fødenamn Inger-Mari Aikio
Fødd 14. januar 1961
Utsjoki
Yrke lyrikar, journalist, skribent, filmregissør

Inger-Mari Aikio-Arianaick (fødd 14. januar 1961 i Utsjoki i Finland) er ein finsk, samisk forfattar som skriv på nordsamisk.[1][2] Ho har utgjeve fleire diktsamlingar, dei første under namnet Inger-Mari Aikio.

Ho gjekk ut vidaregåande skule i 1980, og har studert språk ved Universitetet i Oulu. I 1992 vart ho godkjent omsetjar mellom nordsamisk og finsk og mellom finsk og nordsamisk. I tillegg til forfattarskapen har ho arbeidd som journalist, fotograf og korrekturlesar for avisa Sámi Áigi frå 1982 til 1988, seinare som nyhendejournalist for Yle Sámi Radio.

Hennes diktsamling Máilmmis dása (Frå verda og hit) var i 2004 den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturprisen.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker
  • Gollebiekkat almmi dievva (DAT 1989), diktsamling
  • Jiehki vuolde ruonas giđđa (DAT 1993), diktsamling
  • Silkeguobbara lákca (DAT 1995), diktsamling
  • Máilmmis Dasa (DAT 2001), diktsamling (oversatt til norsk, finsk og engelsk)
  • Riebana bihpporgáhkut (DAT 2006), barnebok
  • Suonat (DAT 2008), diktsamling (oversatt til norsk, engelsk, finsk, tysk og ungarsk)
  • Čáhcerávgga Gazza (DAT 2011), barnebok

I tillegg har ho medverka i ei rekkje antologiar.

Tekstforfattar på musikkalbum
  • Ima ipmašat (DAT 2007)
  • Ima hutkosat (DAT 2011)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Inger-Mari "Ima" Aikio-Arianaick». Arkivert frå originalen 2012-09-25. 
  2. biografi Arkivert kopiWayback Machine.; Samisk kunstnerråd
  3. «norden.org». Arkivert frå originalen 2016-04-13. Henta 27. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]