Inger Dag Steen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger Dag Steen
Fødd22. mars 1933
Kristiansand kommune
Død22. november 2019 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, tekstilkunstnar
EktefelleKnut Steen
Alle verv

Inger Dag Steen (fødd 22. mars 1933 i Kristiansand), nyttar òg det opphavlege namnet sitt Inger Dag, er ein norsk tekstilkunstnar og politikar for Sosialistisk Venstreparti. Ho var stortingsrepresentant for Vestfold 1989–93.

Dag Steen studerte ved Staten sin handverks- og kunstindustriskule (tekstillinja) frå 1951 til 1955.

Ho vart i 1989 innvald på Stortinget for SV i Vestfold. Ho sat éin periode og var medlem av landbrukskomiteen. Før dette var ho medlem av Sandefjord bystyre i fem periodar frå 1967 til 1989 (ikkje 1979–83). Ho var attende i bystyret frå 2003 til 2007. I Vestfold fylkesting sat ho frå 1983 til 1989. Ho har hatt ei rekkje andre kommunale og fylkeskommunale verv.

Dag Steen har òg hatt mange tillitsverv i organisasjonslivet, både innan bilete/biletkunst og politikk (Nei til EU, Forum for utvikling og miljø, SV). Ho var leiar i Vestfold bonde- og småbrukarlag frå 1997 til 2002. Frå 2000 til 2002 sat ho òg i styret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og i denne organisasjonen er ho æresmedlem frå 2006.

Dag Steen fekk Kongen sin fortenesetmedalje i sølv i 2007.

Inger Dag Steen var gift med bilethoggaren Knut Steen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]