Inger Elin Utsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger Elin Utsi
Inger Elin Utsi portrettbilde 2013 (cropped).jpg
Fødd26. juli 1975 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar, skodespelar

Inger Elin Kristina Ivarsdatter Utsi (fødd 26. juli 1975) er ein norsk samisk skodespelar som har spelt i fleire filmar.

Utsi voks opp i Kautokeino. Ho har mellom anna spelt i filmane Ofelaš (Veiviseren) og Kautokeino-opprøret. Ho spelte òg Elna i TV-serien Hjerterått produsert av Original Film. TV-serien blei send på NRK Super vinteren 2013.

Inger Elin Utsi har har både økonomi- og journalistutdanning. Ho har jobba som kommunikasjonsrådgivar ved UiT - Noregs arktiske universitet, i NRK, Altaposten og TV Nord.

I dag jobbar ho som seniorrådgjevar for Sannings- og forsoningskommisjonen, som er oppnemnd av Stortinget. Sekretariatet held til ved UiT Noregs arktiske universitet, Tromsø.

Utsi stilte til val for NSR i nordre valkrins ved Sametingsvalet 2013. Ho blei ikkje vald inn direkte, men overtok i form av vararepresentant for Silje Karine Muotka, då Muotka blei vald inn i Sametingsrådet. Utsi sat på Sametinget i ein periode. Ho har òg vore engasjert i fleire verv, mellom anna i Norsk Tjenestemannslag og LO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]