Inger Løite
Utsjånad
(Omdirigert frå Inger Haldis Løite)
| Inger Løite | |||
| | |||
| Fødd | 27. september 1958 (67 år) Gjerstad | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Verv | Ordførar i Gjerstad 2015– | ||
| Føregangar | Kjell Trygve Grunnsvoll | ||
| Verv | Stortingsrepresentant 2005–2009 | ||
| Alle verv |
| ||
Inger Haldis Løite (fødd 27. september 1958) er ein norsk arbeidarpartipolitikar. Ho vart innvald på Stortinget frå Aust-Agder i 2005. Ho kjem frå kommunen Gjerstad, lengst aust i Aust-Agder. Løite var medlem av Gjerstad kommunestyre i 1999-2003 og 2003-2007. Ho er ordførar frå 2015, sist attvald i 2019.[1]
Løite har jobba størsteparten av det yrkesaktive livet sitt som kundehandsamar i Telenor, og har mellom anna vore hovudtillitsvald ved Opplysningen 180. På Stortinget var ho medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen og Valkomiteen.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NRK (11. september 2019), «Ordfører fortsetter», NRK, henta 11. oktober 2019