Inger Lise Belsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inger Lise Belsvik
Fødd 19. mars 1961
Sandnes kommune
Yrke illustratør, skribent, grafikar

Inger Lise Belsvik (fødd 19. mars 1961 i Sandnes) er ein norsk grafikar, teiknar og illustratør.

Inger Lise Belsvik har utdanning i grafisk kommunikasjon frå Stavanger 1982-1985, illustrasjon frå Kingston University i England 1990-1991 og som hospitant ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1991-1992. Ho har og vore student ved Norsk barnebokinstitutt si forfattarutdanning 2006-2007. Ho debuterte som forfattar med biletboka Spring, hesten, spring! i 2010.

Inger Lise Belsvik har spesielt illustrert barnebøker, både biletbøker, diktsamlingar, musikktrykk og kristen litteratur. Fleire av titlane er gjeve ut av nynorskforlaget Samlaget. Mange av bokillustrasjonane er gjort som linoleumssnitt med ekspressive og naivistiske motiv i samstemte fargar. Ho bur og arbeider i Oslo.

Illustrasjonar i barnebøker (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1995: Natt i nytt hus
  • 1996: Arnljot Eggen: Når fuglane frir : og andre vers om dyr
  • 1997: Tone Kjærnli: Hundre tusen farligheter
  • 1997: Rønnaug Kleiva: Ikkje gløym å klappe katten
  • 1998: Lise Knudsen: Maria
  • 1998: Solfrid Sivertsen: På ein krakk på ein stol
  • 1999: Lise Knudsen: Maria midtimellom
  • 2000: Eva Jensen: Alle i Alta kan
  • 2001: Arne Garborg: Småsporven
  • 2001: Rune Belsvik: Verdas mest forelska par
  • 2002: Rønnaug Kleiva: Mangler der ikke en pige her?
  • 2002: Odd Nordstoga: Song for deg og meg
  • 2003: Lise Männikkö: Liten som en rosin
  • 2003: Mary Bente Bringslid: Dei blå revane – barnediktsamling
  • 2003: Det har komme ein komet – nordisk diktantologi
  • 2004: Geirdis Bjørlo: Kort til ein engel
  • 2004: Gry Østrått Sædberg: Jone er full av prikker
  • 2005: Rønnaug Kleiva: Eg rømmer
  • 2005: Rune Belsvik: Tøddel Blisterplytt
  • 2006: Erna Osland: Den farlege reisa
  • 2007: Halldis Moren Vesaas: Eg sette brillene på min katt
  • 2007: Halvor Roll: Skurkestreker i rød saus
  • 2008: Bjørn Sortland: Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn – barnebok for blinde
  • 2008: Olav H. Hauge: Når tussalusi kviskrar
  • 2009: Terje Borg: Hva gjør de voksne når vi ikke ser?
  • 2009: Marit Ihle: Nesten i himmelen
  • 2009: Mary Bente Bringslid: Stankelbeinskrift – barnediktsamling
  • 2009: Hilde Myklebust: Jon og den lange julenatta
  • 2010: Erna Osland: Sov søtt, herr Spiss
  • 2010: Inger Lise Belsvik: Spring, hesten, spring!
  • 2011: Ingvild Nielsen: Borte vekk!

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: Gull i i Grafills Årets vakreste bøker
  • 1997: Kulturdepartementets illustrasjonspris
  • 2003: Sølv i Årets vakreste bøker
  • 2004: Kulturdepartementets illustrasjonspris
  • 2005: Gull i Årets vakreste bøker
  • 2007: Bronse i Årets mediepriser
  • 2008: Diplom i Årets vakreste bøker
  • 2011: Diplom i klassen «Faktabøker for barn» i Årets vakreste bøker for Sov søtt, herr Spiss

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Digitale bokkopiar i Nasjonalbiblioteket[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]