Inger Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger Miller
Statsborgarskap USA
Fødd 12. juni 1972 (51 år)
Los Angeles
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Inger Miller (fødd 12. juni 1972) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Los Angeles som vart verdsmeister på 200-meter i 1999 og vann både OL-gull 1996 og VM-gull 1997 i 4 x 100 meter stafett. Ho er dotter til avdøde Lennox Miller, ein jamaicanar som vann OL-medalje på 100-meter i 1968 og 1972.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Inger Miller kvalifiserte seg til USA sitt OL-lag på heimebane i Atlanta sommaren 1996. Individuelt sprang ho inn til fjerdeplass på 200 meter, i mål var ho tre hundredels sekund bakom bronsevinnaren. Få dagar seinare var ho med om å vinne OL-gull i 4 x 100 meter i lag med Gail Devers, Chryste Gaines og Gwen Torrence. Året etter deltok Miller både på 100 og 200 meter ved Friidretts-VM i Aten, der ho vart nummer fem på begge distansane. Til sist i Aten-VM tok ho seg av den tredje stafettetappen då USA vann ein suveren siger og sette meisterskapsrekord med tida 41,47, dei andre på laget var Gaines, Marion Jones og Devers.

Høgdepunktet for Miller kom i Sevilla under VM i friidrett 1999. Ho var i sitt livs beste form og sette personlege rekordar både 100 meter med 10,79 sekundar og på 200 m med 21,77 sekundar, noko som sikra henne sølvmedaljen på 100 meter bak Marion Jones og gullmedaljen på 200-meteren. I 2001 var ho med på USA sitt lag som opphavleg vann 4 × 100 meter under verdsmeisterskapen i Edmonton, men som mista sigeren etter at Kelli White og Marion Jones seinare vart avslørt for å ha vore dopa. To år seinare deltok Miller på laget som vann sølv på den korte stafetten i Paris-VM 2003, slått med 0,05 sekund av arrangørlandet sitt mannskap.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1996 i Atlanta: Gull i 4 x 100 m stafett. Nr 4 på 200 m – 22,41
  • VM 1997 i Aten: Gull i 4 x 100 m stafett. Nr 5 både på 100 m – 11,18 og 200 m – 22,52
  • VM 1999 i Sevilla: Gull på 200 m – 21,77 og sølv på 100 m – 10,79
  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane på 200 m (22,80=nr 10)
  • VM 2003 i Paris: Sølvmedalje i 4 x 100 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]