Inger Sitter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Inger Solveig Sitter (fødd 18. oktober 1929 i Trondheim) er ein prisløna og viktig norsk grafikar og målar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Inger Sitter si mor kom frå Viborg i Finland; faren var derimot trøndar og utdanna styrmann. Ho voks opp i Antwerpen og lærte dermed flamsk på skulen. I tenåra var det tydeleg at jenta hadde kunstnartalent, og ho vart difor teken inn på ulike kunstskular, både i Noreg og Antwerpen. Også i vaksen alder har ho veksla mellom å bu i Noreg og i Europa, dei siste åra i Antibes i Frankrike.

Allereie i 1948 var ho representert ved Statens høstutstilling. I 1950-åra vart kunsten hennar prega av såkalla lyrisk (naturbasert) abstraksjon. Saman med Irma Salo Jæger og Berit Soot Kløvig danna ho kunstprosjektet Park 62 frå 1973-1976. Sitter har også laga skulpturar. Frå 1981-1984 var ho professor ved Statens Kunstakademi, og har i tillegg hatt ei rekkje høgtståande verv. Sitter har også vore oppteken av å betra kåra for norske kunstnarar, og mykje på grunn av innsatsen hennar vart det innført ordning med garantiinntekt.

Kunstverket hennar, In The Picture (1964) vart kåra til eitt av Morgenbladets tolv viktigaste norske kunstverk 1945-2005.

Inger Sitter har vore gift to gonger; fyrste gong med kunstnaren Carl Nesjar, andre gongen med forfattaren Rolf Dahlström.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]