Hopp til innhald

Inger Stolt-Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger Stolt-Nielsen
Fødd5. mars 1943 (83 år)
Haugesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre (ukjend; 2001), Kystpartiet (2001; 2005), Høgre (2010)
Yrkepolitikar, lærar
BarnRagnhild Stolt-Nielsen
Alle verv

Inger Stolt-Nielsen (fødd 5. mars 1943) er ein norsk lærar og politikar frå Haugesund. Ho representerte Rogaland på Stortinget 1997–2001.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Stolt-Nielsen tok eksamen ved Stord Lærarskule i 1964. Seinare studerte ho historie og tok mellomfag i offentleg rett ved Universitetet i Bergen. Frå 1964 til 1997 underviste ho i skuleverket i Haugesund.

Poltisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Stolt-Nielsen var medlem i Rogaland fylkesting 1992–1997, og medlem i Haugesund bystyre 1995–1997. Frå hausten 1997 representerte ho Rogaland i stortinget. Ho vart vald for partiet Høgre, og fekk i Stortinget plass i Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen. Men ho var like så mykje interessert i saker som hadde med sjøfart og fiskeri å gjere. Då Rogaland Høgre i januar 2001 ikkje renominerte henne for ein ny stortingsperiode, valde ho i mars 2001 å melde seg inn i Kystpartiet. Ho vart dermed partiets andre stortingsrepresentant, etter Steinar Bastesen danna partiet i 1999. Stolt-Nielsen var Kystpartiet sin fyrstekandidat i Rogaland ved stortingsvala 2001 og 2005, utan å nå opp i vala. I 2010 melde ho seg inn i Høgre på ny.

  • «Inger Stolt-Nielsen». Stortinget.no.