Ingerid Ragnvaldsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingerid Ragnvaldsdotter
Fødd 1100-åra
Død

1161

Dronning Ingerid og Gregorius egger kong Inge, teikning av Erik Werenskiold. Ingerid var mor til den norske kongen Inge Krokrygg. Haraldssønenes saga fortel om korleis Ingerid og lendmannen Gregorius Dagsson var rådgjevarar i regjeringa til Inge.

Ingerid Ragnvaldsdotter (fødd ca. 1105) var dronning i Noreg i 1130-åra, da ho var gift med kong Harald Gille (norsk konge 1130-1136). Ingerid var dotter av den svenske stormannen Ragnvald Ingesson, som kan ha høyrt til den kongelege Stenkilætta.

Ingerid var gift med og hadde forhold til fleire framståande skandinaviske menn, og ho fekk minst ti born. Blant borna hennar vart to av dei kongar, to jarlar, to hertugar og ein biskop.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ingerid vart fyrst gifta med Henrik Skadelår, soneson av den danske kongen Svein Estridsson. Med Henrik fekk Ingerid sonene Magnus Henriksson (svensk konge 1160-1161), Ragnvald Henriksson (svensk riksjarl), Knut Henriksson og Buris Henriksson (begge hertugar av Slesvig). Ekteskapet kan ikkje ha vore lukkeleg, for Ingerid freista å rømme frå mannen, men vart avsløra. Henrik Skadelår døydde i 1134, og same år gifta Ingerid seg med den norske kongen Harald Gille. Med Harald fekk Ingerid sonen Inge Krokrygg (norsk konge 1136-1161). Året etter at sonen var født vart Harald drepen av den norske tronkrevaren Sigurd Slembe. Etter mannens død fekk Ingerid sonen Inge og stesonen Sigurd Munn (Haralds son med ei frille) godkjente som norske tronfølgjarar, og var politisk rådgjevar for sonen. Eit par år etter mannens død fekk ho sonen Orm Ivarsson med ein høvding frå Opplanda, Ivar Sneis. Ho vart seinare gift med den norske lendmannen Ottar Birting, men dei fekk ingen born. Den siste ektemannen hennar var enda ein norsk lendmann, Arne på Stårheim. Med Arne fekk Ingerid mellom anna sonen Nikolas Arnesson, biskop i Oslo og ein av leiarane for baglarane, og dottera Margret. Margret vart seinare mor til baglarkongen Filippus Simonsson.

Etter at sonen Inge vart drepen i eit slag utanfor Oslo i 1161, forlét Ingerid Noreg. Ho døydde truleg omkring 1170.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]