Ingerid Stenvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingerid Stenvold
Mashable - Hvordan fange et tech-kyndig publikum - NMD 2015 (17214533209).jpg
Fødd 20. juni 1977
Finnfjordbotn
Yrke journalist, langrennsløpar
Ingerid Stenvold på Commons

Ingerid Stenvold (fødd 20. juni 1977) er ein norsk journalist og programleiar i NRK. Ho kjem opphavleg frå Finnfjordbotn i Lenvik i Troms. I dag (2010) er ho nyheitsankar i DagsrevyenNRK1.

Stenvold sin karriere starta i NRK i 2001, som nyheitsjournalist i NRK Troms. I 2004 starta ho å jobba i NRK Sport. Ho dekte Sommar-Ol i Beijing i 2008. Ho har leia TV-aksjonen i 2006 og i 2007. Somrane 2007 og 2009 var ho programleiar for Sommeråpent. I 2008-2009 var ho programleiar for musikkprogrammet Lydverket på NRK. I 2010 byrja ho som nyheitsankar i Dagsrevyen på NRK.

Det har vorte ein del diskusjon rundt Stenvold, sidan ho fekk lov til å bruka dialekt i staden for offisielt bokmål eller nynorsk i Dagsrevyen.

Stenvold har tidlegare vore aktiv langrennsløpar, men ein skade i ryggen sette ein stoppar for karrieren hennar.

Deltaking[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Flagget til Noreg TV-aksjonen (programleiar)
  • 2007: Flagget til Noreg TV-aksjonen (programleiar)
  • 2007: Flagget til Noreg Sommeråpent (programleiar)
  • 2008: Den kinesiske flagget Sommar-OL 2008 (reportar)
  • 2008: Flagget til Noreg Lydverket (programleiar)
  • 2009: Flagget til Noreg Lydverket (programleiar)
  • 2009: Flagget til Noreg Sommeråpent (programleiar)