Ingjald Ørbeck Sørheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingjald Ørbeck Sørheim
Orbeck Sorheim 01.JPG
Fødd 28. juli 1937
Lena på Toten
Død

18. september 2010
Oslo

Yrke politikar, advokat

Ingjald Ørbeck Sørheim (28. juli 193718. september 2010)[1] var ein norsk advokat; han vart cand. jur. i 1965. Han gjennomførte også Forsvarets russiskkurs.[2] Ørbeck Sørheim var tidlegare ekspedisjonssjef i Handelsdepartementet (1976–79) og ressursavdelinga i Miljøverndepartementet (1979–82). Han var statssekretær ved Statsministerens kontor (SMK) under Regjeringa Brundtland I i 1981.

1982–83 var han administrerande direktør for Studentsamskipnaden i Oslo, i 1983 var han spesialrådgjevar i havbruk i Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråd. Frå 1984 var han privatpraktiserande forretningsadvokat.

Han var sekretær for Ottosenkomiteen som la grunnlaget for eit moderne masseutdanningssystem og opprettinga av distriktshøgskulane.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ingjald Ørbeck Sørheim er død», NRK 19. september 2010
  2. Jon Hustad "Anga SV-topper til Pot" Klassekampen, 18. desember 2006