Ingjald Frodeson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingjald Frodeson var ei konge over skjoldungane i Danmark, i følgje Skjoldungasaga. Han er nemnd i Skjoldungasaga, hjå Saxo Grammaticus, og i Bjarkerimer. Han kan og vera skyldt den Ingeld som er nemnd i kvadet Béowulf.

Etter Skjoldungasaga er Ingjald rettkomen arving etter kong Frode den store på Sjælland. Ingjalt vert gift med dotter til den svenske jarlen Sverting, men Sverting og sveakongen Jørund svik Frode og drep han. Sverting gjev sidan store gåver til Ingjald, og halvbroren Halvdan Frodeson vert konge i Skåne. Halvdan drep sønene til Sverting. Starkad den gamle rår Ingjald til å skilja seg frå dottera hans Sverting. Denne kona får ein son som heiter Agnar. Halvdan er far til Roar og Helge (far til Rolv Krake). Ingjald drep sidan Halvdan, og tek enkja etter broren til dronning. Sønene han får med henne, er Rørek og Frode.

Saxo[endre | endre wikiteksten]

Saxo Grammaticus fortel at Sverting, her jarl av Saksland, slår seg laus frå daneveldet, og sønene hans gjev han søster si til dronning. Starkad den gamle værar uro, og rår Ingjald til å gå frå dronninga si. Frode, far til Ingjald, er og drepen av Sverting i denne versjonen.

Bjarkerimer[endre | endre wikiteksten]

Ingjald brenn Halvdan, bror sin, inne, og sønene til Halvdan, Roar og Helge, vert løynde for han. Enkja etter Halvdan blir mor til Rørek og Frode. '

Béowulf[endre | endre wikiteksten]

Framstillinga i Béowulf følgjer i grove drag dei andre framstillingane, men det er brøytt om på nokre av namna. Ingeld/Ingjald, er son av Froda(Frode), og trulova med Freawaru, dotter av Hrodgar/Roar. I denne framstillinga er altså ikkje Roar son av bror til Ingjald. Både Ingeld og Frode høyrer til eit anna folk her, dei ikkje anglarar eller daner, men Headubardar (etter Sophus Bugge er dette Langobardar). Froda er drepen i strid med danene, og Ingeld får Freawaru i eit soningsgilde. Med i følgjet hennar er det ein dane, mogleg han som drap Froda. Han syner fram sverdet Froda vart drepen med, og Ingeld vert eggja til å hemne faren. Danen misser livet. Drapsmannen rømer, i otte for at dronninga skal hemne frenden sin.

Widsith har resten av soga: Ingeld går mot Roar med ein hær, og Roar vert omlegra og drepen i kongshalla si - dette skjer etter hovudhandlinga i Béowulf. Ingeld misser livet i kamp med brorsonen hans Roar, Rolv Krake. Ein variant av denne framstillinga finst og i Soga om Rolv Krake.

Snorre[endre | endre wikiteksten]

I Ynglingesoga er det fortald om korleis Åsa, dotter av Ingjald Illråde, eggjar ein kong Gudrød i Skåne til å drepa bror sin, Halvdan. Halvdan er her far hans Ivar Vidfadme. Drapet på ein bror med namnet Halvdan kunne peike mot ein variant av same soga.