Ingjald Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingjald Nissen (2. september 189625. februar 1977) var ein norsk psykolog, filosof og statsstipendiat som er best kjend for boka Psykopatenes diktatur (1945).

Nissen var fødd i Kristiania (Oslo) og høyrte til ei norsk grein av den danske slekta Nissen frå Sønderjylland. Han blei student i 1915 og tok magistergrad i filosofi i 1925. Deretter studerte han psykologi, sosiologi og filosofi utanlands, og kom mellom anna i kontakt med den austerrikske filosofen Alfred Adler sin «individualpsykologi». Nissen praktiserte som psykoanalytikar i Oslo, med konsesjon frå 1939. Allereie i 1938 blei han statsstipendiat, og kunne bruka tid på forfatterskapen.

Nissen har mellom anna skrive Sjelelig forsvar: mindreverdighetsfølelse, seksualhemning og maktstreben (1930), der han gjer reie for Adler sine teorier; Sjelelige kriser i menneskets liv: Henrik Ibsen og den moderne psykologi (1931), der han bruker Adler sine teoriar på Ibsen sine drama Vildanden, Rosmersholm og Hedda Gabler; Psykologisk-analytisk teknikk: Praktiske retningslinier (1936); Psykologiske motiver i Gustav Vigelands kunst i Kunst og Kultur 1951; og det oppsummereade verket Menneskelige oppgaver og utveier: Ledende idéer i mitt forfatterskap (1966).

Det best kjende verket hans Psykopatenes diktatur (1945) analyserer den psykologiske strukturen til Nazi-Tyskland. Nissen sin hypotese var at nazismen er samfunnsforma til det psykopatiske mennesket. Han meinte det hadde herska ein påfallande passivitet i høve til nazismen i dei vestlege demokratia i tida før andre verdskrigen, likt korleis psykopatiske individ kan driva normale menneske inn i ein fortvilt tilstand der de overtek eller tilpassar seg psykopatens idéar for å overleva. I denne boka innførte Ingjald Nissen omgrepet «hersketeknikk». Dette emnet tok han også opp i 1966 i Menneskelige oppgaver og utveier.[1]

Nissen verka også ei tid som litteraturmeldar i Arbeiderbladet. Han var ein nær ven av målaren Alfred Hagn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Atle Kittang. «Ingjald Nissen» I: Norsk biografisk leksikon. 2. utg. Bd 6. 2003
  • Karlsen, Øivind. Ingjald Nissens forfatterskap. Universitetsforlaget, 1971. (Bibliografi)
  • sambok 33 bøker av Nissen