Ingmund Holtås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingmund Holtås (12. juni 193317. desember 2017) var ein norsk langrennsløpar frå Evenskjer i Skånland.

Holtås vann to bronsemedaljar i noregsmeisterskap, begge på 50-kilometeren. Den fyrste kom i 1960, berre noregsmeisteren Reidar Andreassen og Sverre Stensheim gjekk fortare. To år seinare vart det ny bronse, Harald Grønningen kapra gullet, Stensheim fekk eit nytt sølv. Sesongen i mellom, 1961, vart Holtås saman med Arne Jensen og Alf Storelvmo noregsmeistrar i 3 x 10 km stafett for BUL i Oslo.

Internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Holtås var med i langrennstroppen til vinterolympiaden i Squaw Valley i 1960, men gjekk ingen distanse. To år seinare deltok han på femmila under verdsmeisterskapen i Zakopane, men braut løpet. Hans største prestasjon i internasjonale tevlingar var tredjeplassen på 50-kilometeren i Holmenkollen i 1960, der nest ein tiandeplass på same distansen same året i Lahti.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: Nr 8 på 15 km i Mo i Rana
  • 1958: Nr 4 på 15 km i Oslo
  • 1959: Nr 9 på femmila i Porsgrunn
  • 1960: Bronsemedalje på femmila på Fåberg
  • 1961: Nr 5 på femmila i Trondheim
  • 1962: Bronsemedalje på femmila i Skien
  • 1964: Nr 9 på femmila i Bærum
  • 1965: Nr 12 på femmila i Bærum

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar