Hopp til innhald

Ingrid Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Dahl
StatsborgarskapNoreg
Fødd26. mars 1964 (61 år)
Idrettsjakk
Tok del i Women's Chess Olympiad 1994, Women's Chess Olympiad 1992, Women's Chess Olympiad 1990, Women's Chess Olympiad 1988, Women's Chess Olympiad 1984, Women's Chess Olympiad 1982

Ingrid Dahl (fødd 26. mars 1964), er ein norsk sjakkspelar, Noregs første kvinne-IM i sjakk (WIM).

Ingrid Dahl vaks opp i Asker. Ho var den første norske kvinna som nådde meisterspelar-nivå.

Ingrid Dahl kvalifiserte seg for tittelen Kvinne-IM i sjakk (WIM) for andreplassen i den nordiske soneturneringa for kvinner i Espoo, Finland 22-30. juli 1989.[1][2]. Ho blei deretter tildelt tittelen i 1990. Ingrid Dahl kvalifiserte seg dermed også til Intersoneturneringa for kvinner i Genting Highlands, Malaysia, i 1990.[3]

I 1987 i Słupsk vann Ingrid Dahl Nordic Chess Cup som ein del av det norske laget.[4]

Ingrid Dahl spelte for Noreg i seks sjakk-OL for kvinner:[5] Fem av desse på første bord, og med svært gode resultat i 1988 og 1994.

Ingrid Dahl spelte for Noreg i EM i lagsjakk:[6]

Etter 1994 har Ingrid Dahl i liten grad delteke i sjakkturneringar.

  1. + indikerer seier, - indikerer tap, = indikerer remis
  1. Brekke 1999 Nordisk sjakk i 100 år, s. 146
  2. Norsk Sjakkblad 1/2025 s.53
  3. «1990 Genting Interzonal Tournament : World Chess Championship (women)». Henta 20. desember 2018.
  4. «11th Nordic Chess Cup, Słupsk 1987, Norway». Henta 20. desember 2018.
  5. «Women's Chess Olympiads :: Ingrid Dahl». Henta 20. desember 2018.
  6. «European Women's Team Chess Championship :: Ingrid Dahl». Henta 20. desember 2018.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]