Ingrid Falk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Falk
Fødd 1960
Yrke fotograf

Ingrid Falk (fødd 1960), fødd og busett i Stockholm, er ein svensk kunstnar som arbeider innanfor ulike kunstartar (datagrafikk, grafikk, fotografi, installasjon, videokunst, måleri, skulptur, objekt, teikning). Saman med ektefellen, Gustavo Aguerre (fødd 1953), har ho danna ei kunstnargruppe kalla FA+, som mellom anna har stått for den såkalla Sitatgata i Oslo med Henrik Ibsen-sitat skrive med stålbokstavar nedfrest i fortaua, og ei tilsvarande i Stockholm med August Strindberg-sitat (i gågata Drottninggatan på strekninga mellom nr. 67 og 85, skrive med måling under Strindbergsfestivalen i 1994, og i 1998 erstatta med rustfrie stålbokstavar[1]).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]