Ingrid Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Kristiansen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mars 1956 (67 år)
Trondheim
Idrett friidrett, langrenn
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Egebergs Ærespris, Olavstatuetten, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris, Sportsjournalistenes statuett

Ingrid Kristiansen (fødd Ingrid Christensen21. mars 1956 i Trondheim) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar. Ho var i andre halvdel av 1980-åra den fremste langdistanseløparen i verda. Ho vart verdsmeister på 10 000 meter i 1987, og sette fem verdsrekordar på bane i karrieren. I mange år hadde ho òg beste tid på maratondistansen (2.21.06) i verda.

Det er maratonløpar at ho er best kjend, med sigrar i ei rekkje prestisjetunge løp, som i New York, Chicago, Boston og London.

Kristiansen var òg ein god langrennsløpar. Ho vart europameister i stafett for junior i 1974, og vann åtte NM i stafett.

Meritt i utval[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull på 10 000 meter 1986
  • VM-gull på 10 000 meter 1987
  • EM-bronse i maraton 1992
  • 5 verdsrekordar i baneløp (5000/10 000 meter)
  • Kongepokalen 1984-85
  • 24 individuelle noregsmeisterskap i friidrett

Ho vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1986 og Egebergs Ærespris i 1990.

Personlege bestetider[endre | endre wikiteksten]

Distanse Tid Dato Stad
3000 m 8:34.10 13 august 1986 Zurich
5000m 14:37.33 5 august 1986 Stockholm
10000 m 30:13.74 5 juli 1986 Oslo
10 km (landeveg) 30:59 9 april 1989 Boston
15 km (landeveg) 47:17 21 november 1987 Monaco
Halvmaraton 1:06:40 19 march 1987 Sandnes
Maraton 2:21:06 21 april 1985 London