Ingrid Lafforgue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Lafforgue
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. november 1948
Bagnères-de-Luchon
Idrett alpint
Yrke alpinist

Ingrid Lafforgue (fødd 5. november 1948) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Bagnères-de-Luchon. Ho vann gull og sølv i høvesvis slalåm og storslalåm under VM i alpine greiner 1970. Både mora, svenske May Nilsson, faren Maurice Lafforgue og tvillingsystera Britt Lafforgue hevda seg i verdseliten i alpin skiidrett.

Ingrid Lafforgue hevda seg i verdseliten i sesongane 1969 og 1970. Ho vann sitt fyrste verdscuprenn i St. Gervais i januar 1969, i spesialgreina slalåm. Gjennom to månader vinteren 1970, frå 13. januar til 12. mars, sikra ho seg seks triumfar i verdscupen, fem av dei i slalåm. Mellom anna vart ho verdsmeister i Gherdëina, med ein margin på 1,71 sekundar til toaren, US-amerikanske Barbara Cochran. I same meisterskapen tok ho sølvmedaljen i storslalåm, 0,07 sekundar bakom kanadiske Betsy Clifford. Lafforgue avslutta sesongen og skikarrieren med å vinne storslalåmrennet på Voss, det aller fyrste verdscuparrangementet i Vest-Noreg. Med sine fem slalåmsigrar i verdscupen 1970 vart ho ein suveren vinnar av FIS-pokalen i øvinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

FIS-biografi