Hopp til innhald

Ingrid Liland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Liland

Fødd27. januar 1990 (36 år)
Rørvik
Statsborgar avNoreg
PartiMiljøpartiet Dei Grøne (2011)
Yrkepolitikar
Alle verv

Ingrid Husby Liland (fødd 1990)[1][2] er ein norsk politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).[3] I 2022 blei ho vald til nestleiar i partiet.[4] Liland blei vald inn på Stortinget frå Oslo valkrins i 2025.[5]

Liland kjem frå Rørvik,[6] og har ein mastergrad i musikkvitskap.[7] I august 2019 blei ho kåra til noregsmeister i karaoke under karaoke-NM og tok del i Karaoke-VM i Tokyo same året.[8][9]

Liland har yrkt meir enn 10 år i teknologi- og ingeniørbransjen. Før ho blei nestleiar i MDG var ho medgrunnleggjar og styreleiar for eit romfartsselskap.[10]

Ho har hatt fleire verv i Elevorganisasjonen[11] og tok del i Kvinnepanelet 2010.[12]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Liland melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne i 2011.[7] I 2017 og 2025 var ho leiar av MDG sin stortingsvalprogram-komité.[13] Ved stortingsvalet i 2017 var Liland førstekandidaten til MDG frå Nord-Trøndelag.[7][14] Ved stortingsvalet i 2025 var ho andrekandidaten til partiet frå Oslo.[15]

Liland vekte mykje åtgaum ved valet i 2025 etter at ho søkte Skatteetaten om å endre namn til «Ingrid Sperregrensen Liland»,[16] for å synleggjere kampen partiet hadde om å kome over sperregrensa. Namneendringa blei omsider avslegen av Skatteetaten.[17]

  1. NRK (11. mars 2022). «Innstiller Ingrid Liland (32) som ny nestleder i Miljøpartiet De Grønne». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. september 2025.
  2. «Miljøpartiet De Grønne - Org.nr. 971 377 461 - Oslo - Roller». www.proff.no (på norsk). Henta 20. september 2025.
  3. «Ingrid Liland» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. «Une Bastholm gjenvalgt som MDG-leder». mdg.no. 8. mai 2022. Arkivert frå originalen 8. mai 2022. Henta 9. mai 2022.
  5. Uleberg, Ingrid (8. september 2025). «Stortingsvalget i Oslo 2025». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. september 2025.
  6. Storfjord, Kristin (27. august 2025). «Rørvik-jenta vil endre navn til "Sperregrensen"». Ytringen (på norsk). Henta 20. september 2025.
  7. 1 2 3 «Ingrid Liland». Miljøpartiet De Grønne. 2017. Arkivert frå originalen 23. juni 2018. Henta 23. juni 2018.
  8. «Det var litt absurd å bli utpekt som vinner». Arkivert frå originalen 31. august 2019. Henta 13. august 2019.
  9. «Round 1 scores are here». karaokeworldchampionships.com. Henta 9. mai 2022.
  10. «Ingrid Liland», mdg.no, henta 7. april 2026
  11. «Elevorganisasjonen fyller 50 år». www.utdanningsnytt.no (på norsk bokmål). 16. november 2009. Henta 10. juni 2025.
  12. Barne-, likestillings-og inkluderingsdepartementet (1. februar 2010). «Audun Lysbakken etablerte i dag Kvinnepanelet 2010». Regjeringen.no (på norsk bokmål). Henta 10. juni 2025.
  13. «Medlemmer i programkomiteen». Miljøpartiet De Grønne. Arkivert frå originalen 18. januar 2017. Henta 17. januar 2017.
  14. «Stortingslista 2017. Resultater fra nominasjonsmøtet til MDG Nord-Trøndelag.». 18. november 2016. Arkivert frå originalen 18. januar 2017. Henta 17. januar 2017.
  15. «Politikere». mdg.no. MDG. Henta 27. mai 2025.
  16. Skaarseth Rørvik, Tone (14. august 2025), «Tar drastisk valg: – Greit med litt desperasjon», TV 2 (på norsk bokmål), henta 7. april 2026
  17. NTB (2. september 2025), «MDG-politiker får ikke lov til å ta «Sperregrensen» til mellomnavn», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 7. april 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ingrid Liland