Hopp til innhald

Ingrid Moe Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Moe Wold
Personleg informasjon
Fødd 29. januar 1990
Fødestad Noreg
Posisjon Forsvarsspelar
Ungdomsklubbar
–2006 Kapp
2006–2008 Gjøvik
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2009 Team Strømmen 14 (1)
2008–2019 LSK Kvinner 218 (28)
2020 Madrid CFF 8 (0)
2020 Everton LFC 21 (0)
Landslag
2006–2007 Noreg J17 11 (0)
2007–2009 Noreg J19 30 (4)
2008 Noreg J20 7 (0)
2009–2013 Noreg U23 19 (1)
2012–2021 Noreg 78 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 9. november 2022

Ingrid Moe Wold (fødd 29. januar 1990) er en norsk tidlegare fotballspelar frå KappØstre Toten. Ho er utdanna fysioterapeut.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Moe Wold har vore på det norske landslaget i samtlege år sidan ho i 2006 debuterte i troppen mot Nederland på det norske U17-laget.

Moe Wold spela sin fyrste kamp for LSK Kvinner i 2009.[1] Då klubben i 2014 spela sin 100. kamp i Toppserien, så hadde Moe Wold spela samtlege kampar, og enda til slutt med klubbrekorden 195 seriekampar på rad, frå 5. april 2010 til 21. september 2018. I sesongane 2010 til 2019 spela ho til saman 268 kampar for LSK og scora 36 mål. Ho vart gong på gong kåra til «årets spelar» i klubben. Før LSK spela ho i Team Strømmen, Gjøvik og Kapp.

I 2019 leia Moe Wold, som kaptein, laget sitt til cupsiger over Vålerenga med 5-1, og tok med det «dobbelen» for femte gong.

Frå januar til juli 2020 spela Moe Wold for den spanske klubben Madrid CFF. Sommaren 2020 signerte ho ein toårskontrakt med den engelske klubben Everton LFC. [2][3]

Moe Wold annonserte at ho kom til å leggje opp som fotballspelar sommaren 2021.[4]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

LSK Kvinner

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ingrid Moe Wold – Kanari-Fansen Lillestrøm». kfl.no. Henta 17. juni 2019. 
  2. Sondre Moen Myhre: Ingrid Moe Wold - Portrettintervju i Aftenposten/Sport 30. april 2020
  3. Aleksander Losnegård: Ingrid Moe Wold - Intervju og omtale i Aftenposten 26. oktober 2020
  4. Klevrud, Frode (18. mai 2021). «Ingrid Moe Wold legger opp etter sesongslutt». Oppland Arbeiderblad (på norsk). Henta 19. mai 2021.