Ingrid Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Pedersen
Fødd 17. april 1933
Død

11. september 2012 (79 år)

Yrke flygar

Ingrid Pedersen (17. april 193311. september 2012) var ein svensk-amerikansk flygar. Ho var den første kvinnelege piloten til å fly over Nordpolen.

Ingrid Elisabeth Liljegren vart fødd i Stockholm i Sverige. Ho var dotter av Sivert Roland Liljegren (1908-75) og Maud Berg (1915-82). I 1957 tok Ingrid flysertifikat i Sverige. I 1958 vart ho gift med Einar Sverre Pedersen (1919-2008). I 1962 flytta familien til Anchorage i Alaska, der Einar Pedersen var stasjonert som navigatør for Scandinavian Airlines på interkontinentale flygingar, Nordpolsruta.[1]

I 1963 satte Ingrid Pedersen saman med mannen som navigatør ut med eit éin-motors Cessna 205-fly frå Fairbanks i Alaska over den geografiske nordpolen og vidare til Bodø i Noreg.

Ingrid og Einar emigrerte til USA i 1979. Einar Pedersen døydde i 2008. Ingrid Pedersen døydde i 2012 i Anchorage i Alaska.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjørn Bjørhovde

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]