Ingrid av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid av Danmark

Fødd28. mars 1910
Stockholms slott
Død7. november 2000
Fredensborg slott
TittelConsort of Denmark
Alle titlarprinsesse av Sverige, kronprinsesse, Dronning, dronning av Danmark, enkedronning
Hus eller slektBernadotte, Huset Glücksborg (Danmark)
GravstadRoskilde domkyrkje
LandSverige, Kongeriket Danmark
MorMargaret av Connaught
FarGustav VI Adolf av Sverige
EktefelleFredrik IX av Danmark
BarnMargrethe II av Danmark, Prinsesse Benedikte, Anne-Marie av Hellas

Ingrid av Danmark (fødd Ingrid Victoria Sofia Lovisa Margareta 28. mars 19107. november 2000) var ei svensk prinsesse og dansk dronning som ektefelle av Frederik IX frå 1947 til 1972. Ho var mor til den danske dronninga Margrethe II.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ingrid var fødd på Stockholms slott som prinsesse av Sverige. Ho var den einaste dottera til kong Gustaf VI Adolf av Sverige og den første kona hans, Margaret. Ingrid var berre ti år då mora døydde, og tre år seinare gifta faren seg opp att med Louise Mountbatten.

Ekteskap med kronprins Frederik av Danmark[endre | endre wikiteksten]

24. mai 1935 gifta prinsesse Ingrid seg med den danske kronprinsen Frederik. Vigselen fann stad i Storkyrkan i Stockholm.

Kronprinsparet fekk tre døtrer:

Dronning[endre | endre wikiteksten]

20. april 1947 døydde kong Christian X av Danmark, og Frederik blei kong Frederik IX av Danmark med Ingrid som dronning. Sidan det nye kongeparet ikkje hadde nokon søner, måtte lova endrast i 1953. Lova gav òg kvinner arverett til trona, men likevel etter eventuelle brør. Dette medførte at prinsesse Margrethe blei tronfølgjar i staden for onkelen sin, prins Knud.

14. januar 1972 blei dronning Ingrid enke. Dottera hennar blei regjerande dronning med namnet Margrethe II.

Dronning Ingrid skulle leva livet som enke i nesten tretti år. Denne tida brukte ho særleg på familien sin, som med tida blei talrik. I tillegg til Margrethe sine to søner fekk Benedikte tre barn med den tyske ektemannen sin, medan Anne-Marie, som blei dronning av Hellas, fekk heile fem barn. Dronning Ingrid rakk òg å oppleva å bli oldemor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Steffen Heiberg (2004). Danske dronninger i tusind år (dansk). København: Gyldendal. s. 98–100. ISBN 87-02029-46-4