Ingrisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ingrisk språk)
Ingrisk
karjala
Klassifisering uralske språk
austersjøfinske språk
Bruk
Tala i Russland, Estland
Område Ingermanland Ingermanland
Ingrisktalande i alt ca. 120 (2010)
Rangering ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem (Kyrillisk), Latinsk
Språkkodar
ISO 639-3 izh
Glottolog ingr1248
Kart over ingriske og tilgrensande votiske og finske landsbyar, i perioden 1848—2007, ingriske landsbyar i blått

Ingrisk (òg kalla isjorisk) er eit finsk-ugrisk språk snakka av ingrarane i Ingermanlandsregionen i i St. Petersburg-området i Russland, særleg blant russisk-ortodokse kristne.

Ved folketeljinga i Russland i 2010 oppgav 123 personar at dei snakka ingrisk, medan 266 personar oppgav at dei var ingrarar. Ved folketeljinga i Sovjetunionen i 1989 var dei tilsvarande tala 302 ingrisktalande, av 820 ingrarar. Ifølgje Ethnologue var det 360 talarar av ingrisk i Russland i 2002.[1] og ifølgje estisk folketeljing var det 19 talarar av ingrisk i Estland i år 2000[2].

Ingrisk var berre eit talespråk fram til 1930-talet, då det som andre minoritetsspråk i Sovjetunionen fekk skriftspråk som del av den sovjetiske språkpolitikken. Det vart omsett skjønnlitteratur og lærebøker.

Det ingriske alfabetet frå 1930-talet[endre | endre wikiteksten]

A a Ä ä B b V v G g D d E e Ƶ ƶ
Z z I i J j K k L l M m N n O o
Ö ö P p R r S s T t U u F f H h
C c Ç ç Ş ş Ь ь

Skilnad mellom ingrisk, finsk og kvensk[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste trekka ved ingrisk er, sett i lys av finsk:

1. Store delar av konsonantane er forlenga (geminert)

Døme: mattaala, finsk matala "låg"; heppoin, suomeksi hepo/hepo(i)nen, "hest"

2. Kompenserande forlenging av stammevokal foran kasusending på ein konsonant

Døme: Bøying av kylä "landsby": adessiv kylääl (finsk kylällä), ablativ kyläält (finsk kylältä), essiv kylään (finsk kylänä), translativ kylääks (finsk kyläksi)

3. Vokalen i er senka til e framfor r

Døme: pertti, finsk pirtti "stove"; kerves, finsk kirves "kniv"

4. Bortfall av n mellom vokalar

Døme: miä, finsk minä "eg"; paan, finsk panen "eg sett, legg", bøyingsformer av verbet sanoa "å seie", t.d. saoin, finsk sanoin "eg sa"

5. Final -k , som har falle bort i finsk, er bevart i ingrisk

Døme: saeg/saek, finsk sade "regn"; en annag/en annak, finsk en anna "eg gjev ikkje"

6. Verbbøying

Det er ein del systematiske skilnader med finsk, der ingrisk gjerne er meir lik kvensk

Døme:

Indikativ, presens, 1. pl.

-mmA, istumma, finsk istumme, kvensk istuma "vi sit"

Indikativ, presens, 2. pl.

-ttA, istutta, finsk istutte, kvensk istutta "de sit"

Indikativ, presens, 3. pl.

-VVt istuut, finsk istuvat, kvensk istuthaan "dei sit"

Indikativ, preteritum 3. pl.

oltii, finsk olivat, kvensk olthiin "dei var"

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ethnologue report for language code: izh
  2. Estisk folketeljing 2000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Ariste, Paul 1981: Keelekontaktid, Tallinn:Valgus
  • Laanest, Arvo 1986: Isuri keele ajalooline foneetika ja morfoloogia, Tallinn