Ingse Stabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingse Stabel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1946 (77 år)
Oslo
Yrke dommar
Verv Likestillingsombod
Periode 1988-1994
Føregangar Eva Kolstad
Etterfylgjar Anne Lise Ryel
Far Carl Ludovico Stabel
Ektefelle Knut Brofoss

Ingse Stabel, eigenleg Inger-Else Stabel, (fødd 14. desember 1946) er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Stabel sat i Høgsterett frå 1. mai 2001 fram til 2017. Ho er tidlegare likestillingsombod og leiar for Trygderetten. Ingse Stabel er kjend for engasjement i kvinnekampen og for arbeid med likestillingsjus.

Stabel vart fødd i Oslo. Ho tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1971. Ho var konsulent i Justisdepartementets lovavdeling 1971-1973, dommarfullmektig i Lyngen heradsrett 1973-1974, førstekonsulent, byråsjef og underdirektør i Justisdepartementets lovavdeling 1974-86, og advokat hos Regjeringsadvokaten 1986-1988.

Ingse Stabel var likestillingsombod frå 1988 til 1994, lagdommar i Eidsivating lagmannsrett, no Borgarting lagmannsrett 1994-1997, og leiar av Trygderetten frå 1997 til 2001, da ho blei utnemnd til høgsterettsdommar.

Ho var medlem i Stortingets granskningskommisjon for dei hemmelege tenestene frå 1994 til 1996.

Ho er dotter til høgsterettsdommar Carl Ludovico Stabel (1912-88).[1] Ho var gift med informatikeren Jo Piene 1970-85. Sidan 1996 har ho vore sambuar med Knut Brofoss.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]