Ingusjisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ingusjisk språk)
Ingusjisk
ГІалгІай ğalğaj
Klassifisering Dagestansk
 Nakh-språk
  Tsjetsjensk-ingusjisk
   Ingusjisk
Bruk
Tala i  Russland
Skriftsystem Det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 inh
ISO 639-3 inh

Ingusjisk er eit dagestansk språk som blir snakka av rundt 405 000 ingusjarar[1] i den russiske republikken Ingusjetia.

Ingusjisk utgjer saman med tsjetsjensk og batsisk greina nakh-språk i den dagestanske språkfamilien. Det er likevel berre tsjetsjensk og ingusjisk som er innbyrdes forståelege.

Frå og med tidleg på 1900-talet vart språket skrive med det arabiske alfabetet. Ei tid etter oktoberrevolusjonen, frå og med midt på 1920-talet bytte brukarane til det latinske alfabetet, som seinare vart erstatta av det kyrilliske, alt dette i pakt med den til ei kvar tid rådande sovjetiske språkpolitikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tall fra den russiske folketellinga i 2002, arkivert frå originalen 22. juni 2020, henta 20. november 2015