Ingvald B. Aase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvald B. Aase

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. februar 1882
Bergen
Død

23. mai 1948 (66 år)

Yrke politikar, fagforeiningsleiar, målar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti

Ingvald Berentin Aase (5. februar 188223. mai 1948) var ein norsk målarmeister og politikar frå Bergen. I åra frå 1922 til 1930 representerte han etter tur Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti og atter Arbeidarpartiet på Stortinget.

Aase var son til ein bygningsmann/bordarbeidar. Frå ganske ung alder byrja han som målar, og tok fagbrev i 1907. I tida frå 1914 til 1923 leidde han samvirket Bergens Malerverksted. Han var formann i Malersvennenes forening i Bergen åra 1912-16, og Bergen faglege samorganisasjon i 1917. Elles var han styremedlem i avisa Arbeidet.

Aase var medlem av Bergen bystyre frå 1916 til 1933, tolv av åra sat han i formannskapet. Hausten 1921 vart han vald inn på Stortinget frå valkrinsen Bergen som representant for Arbeidarpartiet. Tre år seinare var han attvald, då som representant for utbrytarpartiet Norges Kommunistiske Parti. Han fekk også ein tredje periode på Stortinget 1928-1930. I 1928 melde Aase seg ut av NKP i 1929 og inn i Arbeidarpartiet. I den fyrste treårsbolken på Stortinget var han medlem i Næringskomite nr 2, sidan i Universitets og fagskulekomiteen.

I 1930 vart Aase tilsett som sekretær i Norsk Bygningsarbeiderforbund. Tre år seinare vart han vald til formann i forbundet. Frå 1934 til han døydde i 1948 var han hovudkasserar i Landsorganisasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi Arkivert 2012-05-31 ved Wayback Machine.