Ingvald Haugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvald Haugen
Fødd 16. oktober 1894
Død

20. juni 1958

Yrke politikar, fagforeiningsleiar

Ingvald Haugen (16. oktober 189420. juni 1958) var ein norsk sjømann, fagforeiningsmann og politikar frå Hadsel. Han var formann i Norsk Sjømannsforbund frå 1936 til 1958, og stortingsrepresentant frå Oslo i perioden 1945-1949.

Haugen var son til ein småbrukar og fiskar. Han var sjølv fiskar frå han 14 år gammal. I 1914 reiste han til sjøs og var sjømann fram til 1919.

Frå 1919 arbeidde Haugen som tillitsmann i Sjømannsorganisasjonen, med kontorstad i mellom andre Haugesund og seinare Cardiff. I tida 1927-36 var han nestformann i Sjømannsorganisasjonen, sidan då busett i Oslo. Frå 1936 til 1958 var han formann i Norsk Sjømannsforbund, gjennom krigsåra 1940-45 med base i USA og i Storbritannia. Åra 1950-58 var han også med i eksekutivkomiteen til Transportinternasjonalen.

Haugen var medlem i sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 1936 til 1957 og i Kvalrådet 1936-58. Perioden 1945-49 representerte han Arbeidarpartiet på Stortinget, der han var medlem i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen.

For innsatsen under andre verdskrigen vart Haugen tildelt den britiske King's Medal for Service in the Cause of Freedom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]